Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevar i grunn- og videregåande skule. Barn og unge har rett til tilgjengeleg skulehelseteneste. Helsesjukepleiar er på skulen til faste tider og har «open dør».

Tiltak for alle og tidleg innsats er viktige prinsipp for tenesta. Gjennom møte med elev, undervisning i klassar, grupper og/eller individuelle konsultasjonar kan gjera det mogleg for tenesta å oppdaga barn og unge med behov for oppfølging og hjelp. Sentralt i retningslinjene er å vera tilgjengeleg og synleg for elevane i samarbeid med skulen. Å styrkja psykisk helse, førebyggja, avverga og avdekka vald, overgrep og omsorgssvikt, og bekymringsfullt fråvær er nokre av måla for tenesta. Helsesjukepleiar og lege samarbeidar nært med fysioterapeut, PPT, familiesenter, kommunepsykolog, barnevern, NAV og tannhelsetenesta i kommunen.

Skulehelsetenesta gjev tilbod om

  • Vaksinering i fylgje barnevaksinasjonsprogrammet
  • Faste konsultasjonar eller vaksine på 1 ,3, 6, 7, 8, 10 trinn - elevane vert kalla inn
  • Undervisning i klasse/gruppe om kropp, utvikling, psykisk, fysisk og seksuell helse
  • Psykologisk fyrstehjelpsskrin, individuelt og i gruppe ved behov

Barnevaksinasjonsprogrammet finn du her

Ynskjer du meir informasjon, sjå link under

 Nasjonal rettleiar for helsestasjon og skulehelseteneste

Adresse

Voss helsestasjon og skulehelseteneste

Uttrågata 15

5700 Voss

Telefon: 56 53 30 40

E-post: postmottak.helsestasjon@voss.herad.no

NB! ikkje oppgje personleg informasjon i eposten, be heller om at me tek kontakt