Bulken barnehage

Visjon - Bulken barnehage skal vera ein trygg stad å vera, leika og læra.

Bulken barnehage er ein kommunal barnehage, som ligg kring 8 kilometer frå Voss sentrum. Bulken barnehage er ein to-avdelings barnehage fordelt i grupper basert på alder. "Blåklokke" for dei minste barna (1-3 år) og "Solsikke" for dei største barna (3-5 år). Totalt er det 28 barn i barnehagen. Barnehagen har ein fast lavvoplass, som "Solsikke" nyttar tre dagar i veka.

I barnehagen har me fokus på at alle barn skal ha eit trygt og inkluderande miljø, og at store og små skal vera i fysisk aktivitet kvar dag.

Opningstid Bulken barnehage

Opningstid Bulken barnehage
Opningstider Ferie Plasstilbod
7:30 - 16:30 Barnehagen held stengt veke 29 og 30, jul- og nyttårsaftan, samt seks planleggingsdagar i året Barnehagen tilbyr 4- og 5-dagar plass

Kontakt

Wenche Herfindal Kvalnes
Styrar
E-post
Telefon 97 62 16 19

Adresse

Rekvesvegen 94

5708 Voss

Telefon:

Blåklokke - 97 99 71 79

Solsikke - 97 99 71 80

Utegruppa - 97 99 71 81