Hauge barnehage

Visjon - Å vera i Hauge barnehage, skal vera trygt og godt.

Hauge er ein kommunal, ein-avdelingsbarnehage med plass til 18 barn, i alderen 1 - 6 år. Barnehagen ligg i landlege omgjevnader i Haugsvik på Vossestrand, om lag 30 km frå Voss sentrum.

I barnehagen har me fokus på nærmiljøet og kulturtradisjonane me finn på Voss og på Vossestrand. Bak barnehagen ligg ein fotballbane som me nyttar heile året. Om vinteren er det mykje snø, og me lagar skiløyper, hopp eller akebakkar. Om sommaren brukar me  banen til balleik eller annan aktivitet.

Opningstid Hauge barnehage

Opningstid Hauge barnehage
Opningstid Ferie Plasstilbod
7:15 - 16:15 Barnehagen held stengt veke 29 og 30, jul- og nyttårsaftan, samt seks planleggingsdagar i året Barnehagen tilbyr 4- og 5-dagar plass

Kontakt

Elisabeth Sleen
Styrar
E-post
Telefon 91 12 27 72

Adresse

Haugsvikvegen 54

5713 Vossestrand

Telefon: 41 70 48 93