Kløve barnehage

Visjon - Ein trygg og god stad å vera og å læra

Kløve barnehage er ein kommunal barnehage som ligg i landlege omgjevnader på Kløve, om lag 9 km frå Voss sentrum. Barnehagen er ein, ein-avdelingsbarnehage fordelt på to grupper, «Veslefrikk» (1-3 år) og  «Askeladden» (3-5 år)

I barnehagen vår skal barn oppleva eit inkluderande barnehagemiljø som støttar opp om lysta til å leika, utforska, læra og kjenna glede av å meistra. Gjennom leiken skal barna få utfalda seg, verta utfordra og møta støtte og merksemd frå vaksne i barnehagen.

Me er glade i å vera ute. I tillegg til den daglege uteleiken, er det godt å vera på tur. Utelivet i barnehagen gir oss eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vêr. Me har lavvo på Kvarekvål som ofte vert ein naturleg plass å slå leir. Utelivet sitt innhald skapar overskot, glede og humor😊

Opningstid Kløve barnehage

Opningstid Kløve barnehage
Opningstid Ferie Plasstilbod
7:00 - 16:30 Barnehagen held stengt veke 29 og 30, jul- og nyttårsaftan, samt seks planleggingsdagar i året. Barnehagen tilbyr 4- og 5-dagar plass

Kontakt

Laila Herheim
Styrar
E-post
Telefon 41 31 04 60

Adresse

Raundalsvegen 360

5706 Voss

Telefon:

Styrar 41 31 04 60

Avd. Askeladden: 95 26 20 72

Avd. Veslefrikk: 48 01 45 88