Opningstid: 06:45 - 17:00
Ferie og fridagar
Barnehagen held stengt fylgjande dagar:
Søk barnehageplass
Fristen for å søka er 1. mars. Hovudopptak skjer i perioden 2. mars til 2. mai.
Søk barnehageplass
Om barnehagen
Læringsverkstedet Tvildemoen barnehage er ein privat barnehage som ligg på Tvildemoen i nærleiken av Voss sentrum. Barnehagen flytta inn i nye lokale i 2016.
Plasstilbod
Barnehagen tilbyr kun heil plass.
Avdelingar
Barnehagen har fem avdelingar:
- To småbarnsavdelingar, 1-3 år: Vetlastovo og Stabburet
- To storbarnsavdelingar, 3-6 år: Storastovo og Eldhuset
- Ei utegruppe: Gapahuken
Utegruppa Gapahuken er ei eiga avdeling, med eigen søknad ved barnehageopptaket. Utegruppa Gapahuken har base oppe i Songvesåsen og har fokus på friluftsliv og turar i naturen. Det vil vera noko differensiert aktivitet, utifrå alder på barna.
Visjon
Me får verdas viktigaste verdiar til å veksa, der leikande læring er sentrale verdiar.
I Tvildemoen barnehage har me fokus på læring, samspel, meistring og opplevingar i naturen. Mat og helse er også viktig. Barnehagen har eige bakstehus og kokk. Tre dagar i veka får barna servert eit varmt måltid, dei to andre dagane får dei nybakt brød frå eigen vedfyrt baksteomn.
Les meir om barnehagen her:
Læringsverkstedet Tvildemoen barnehage
Her finn du oss