Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage

Visjon - Ein god start for alle

Regnbogen natur- og kulturbarnehage er ein privat barnehage som ligg på Bryn. Barnehagen er ein open barnehage utan avdelingar der barna er inndelt i grupper. Totalt er det plass til 55 barn i barnehagen. Kvardagen i barnehagen består av leik, humor og god omsorg. Sosial kompetanse er viktig og eit gjennomgåande tema i barnehagen.

Me er mykje ute heile året. Me brukar naturen som læringsarena og har skog med gapahuk og lavvo like ved. På eit småbruk i nærleiken har me høner der barna kan henta egg og stella hønene. Sidan 2012 har Regnbogen barnehage vore ei Miljøfyrtårnbedrift, dette nyttar me som ein del av det pedagogiske arbeidet med barna slik at barna vert gode naturvernarar.

Her kan du finna meir informasjon om Regnbogen.

Opningstid Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage

Opningstid Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage
Opningstid Ferie Plasstilbod
7:30 - 16:30 Barnehagen er feriestengt dei to siste vekene i juli månad. Jol- og nyttårsaftan og dagane mellom jol og nyttår er barnehagen stengt. I påsken er barnehagen stengt dagane før skjærtorsdag. Dagane når barnehagen er feriestengt, har personalet ferie. Me har 5 planleggingsdagar gjennom året, som oftast dei samme som i Voss herad. Barnehagen tilbyr kun heil plass.

Kontakt

Ingebjørg Bryn Høgheim
Styrar
E-post
Telefon 90 72 24 04
Ann Helen Grevle
Styrar
E-post
Telefon 91 17 44 02

Adresse

Brynaskogen 38

5705 Voss

Telefon 56 51 10 70 / 95 48 24 02