Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Voss barnehage

Voss barnehage

Visjon - Vennskap & mestring; alle borna i Voss barnehage skal ha nokon å leika med, og oppleva mestring kvar dag.

Voss barnehage ligg sentralt på Tvildemoen, ca 10 minutt gange frå sentrum. Me er ein kommunal barnehage med 104 born, fordelt på 5 grupper; Vetlanosi (1-årsgruppe), Hanguren (2-årsgruppe), Lønahorgi og Horndalsnuten som er 3-5 årsgrupper og Villmarksgruppa (3-5 år) som er i skogen 4 dagar i veka. 

Visjonen vår; vennskap & mestring, ligg til grunn for alt me gjer i barnehagen, og gjennomsyrer kvardagen. I tillegg er omsorg, leik, læring og danning grunnpilarar i arbeidet vårt. I Voss barnehage er me opptatt av å utvikla sjølvkjensla til borna og alle borna skal kjenna at dei vert sett og høyrd.

 

Barnehagetilbod

Opningstid   06:30 - 17:00
Stengt barnehage Barnehagen er stengt dei to siste heile vekene i juli, jul- og nyttårsaftan, samt 6 planleggingsdagar i året
Plasstilbod

Barnehagen tilbyr 4- eller 5-dagar plass

 

Kontakt

Gunn Tove Østrem
Styrar
E-post
Telefon 404 82 943

Adresse

Regimentsvegen 126

5705 Voss

Telefon: 56 52 13 60