- Behov om individuell tilrettelegging, etter barnehagelova § 37. Barn med nedsett funksjonsevne, kan meldast heile året.
- Det er barnehagen, i samarbeid med føresette, som skal melda behov for individuell tilrettelegging i barnehagen. Samtykke frå føresette skal liggja ved meldinga.
- Det er kommunen ved barnehagemynde som handsamar melding om behov for individuell tilrettelegging, etter barnehagelova § 37, og fattar vedtak. Avgjerda er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, og føresette har klagerett. Dersom klagen ikkje vert tatt til følgje av Voss herad, vert den vidaresendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjer, jf. Lov om barnehager § 12.