Søk barnehageplass

Voss herad har samordna opptak som gjeld for både kommunale og private barnehagar. Frist for å søkja barnehageplass er 1. mars. 

Søknadsportal

Hovudopptak for tildeling av barnehageplass er i perioden 2. mars - 2. mai. I denne perioden er portalen låst, og du har ikkje høve til å gjera endringar i søknaden. 

Informasjon om opptak og tildeling av barnehageplass finn du i spørsmålsboksane under, og i Vedtekter for kommunale barnehagar i Voss herad.

Heradsstyre har i sak 06/26 vedteke å leggja ned Hagahaugen barnehage frå nytt barnehageår, 15.august 2026. Borna som i dag går i Hagahaugen barnehage vert automatisk flytta til Kløve barnehagen frå nytt barnehageår. Om nokon ikkje ynskjer å følgja med til Kløve barnehage kan det søkjast om barnehageplass i ein av dei andre barnehagane i Voss herad. Borna frå nedlagt barnehage vil i tråd med § 13. i vedtektene, få prioritet ved søknad til ny barnehage. 

Har du spørsmål i høve barnehageopptak som du ikkje finn svar på i spørsmålsboksane under, kan du senda spørsmåla dine på e-post til: barnehage@voss.herad.no 

 

Kontakt

Har du spørsmål, kontakt oss på: