Vedtekter for kommunale barnehagar i Voss herad

§ 1. Eigartilhøve / administrasjon  

Voss herad er eigar og står for drifta av dei kommunale barnehagane.  Barnehagane høyrer administrativt til under kommunalavdeling oppvekst.

 

§ 2. Lovverk  

Barnehagen skal drivast i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, og i tråd med kommunale vedtak og planar for barnehagen. Rammeplan for barnehagar er grunnlag for planarbeidet i barnehagen.  

 

§ 3. Forvaltning 

I samsvar med heradsstyrevedtak har utval for levekår ansvaret for forvaltning og tilsyn av barnehagane.  

 

§ 4. Føremål 

Voss herad sine barnehagar skal drivast i samsvar med  barnehagelova § 1. 

Nynorsk skal nyttast i dokument som barnehagen sender ut, og så langt som råd nyttast i songar og litteratur.

 

§ 5.  Samarbeidsutval og foreldreråd 

For å sikra samarbeidet med heimen til barna, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval. 

Foreldrerådet er sett saman av foreldre/føresette til alle barna. Foreldrerådet skal fremma fellesinteresser og bidra til samarbeid med barnehagen om eit godt barnehagemiljø.

Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ, og skal haldast minimum to gonger pr. barnehageår.

Samarbeidsutvalet er sett saman av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, og slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehageeigar kan delta etter eige ønske, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene.

Barnehageeigar skal sørgja for at viktige saker blir lagt fram for foreldrerådet og samarbeidsutval. 

 

§ 6. Barnehagetilbodet  

Barnehageåret vert rekna frå 15. august til og med 14. august. 

Barnehagane har ulik opningstid. I barnehagar med opningstid utover 9 timar skal barna si opphaldstid ikkje overskride 9 timar per dag. 

Samarbeidsutvalet i barnehagen kan gjera vedtak om kortare opningstid dersom ingen har behov for den opningstida som gjeld for den einskilde barnehage. Vedtak om endra opningstid gjeld for eitt barnehageår om gongen. Barnehagen held stengt seks planleggingsdagar i barnehageåret. Barnehagen sine planleggingsdagar skal liggja på dagar der skulen held stengt. 

Voss herad har tilbod om barnehageplass på 5 og 4, dagar i veka. 

 

§ 7.  Barn med nedsett funksjonsevne 

Heradet skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit egna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. 

Kommunen fattar vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne, jf. barnehagelova § 37.

 

§ 8. Rett til spesialpedagogisk hjelp 

Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særlege behov for det. Dette gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage.

Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring, til dømes språklege og sosiale ferdigheiter jf. barnehagelova § 31. 

 

§ 9. Lovfesta rett til barnehageplass 

Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august.

Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år, jf. barnehagelova § 16. 

Barnet har rett til plass i barnehage i det heradet der det er busett.  For å vera med i hovudopptaket må søkjar vera busett på Voss ved oppstart av nytt barnehageår, dvs. i august månad. 

 

§ 10. Søknad  

Kommunale og private barnehagar har samordna opptak. Søknadsskjema, informasjonsskriv, søkjarliste og inntaksprosedyre er felles for kommunale og private barnehagar. Søknad om opptak skal sendast elektronisk, og det skal leggjast ved naudsynte attestasjonar. Foreldre/føresette som har behov for hjelp med digital søknad har rett på det.

 

§ 11. Opptak 

Søknadsfrist til hovudopptaket, og for tildeling av barnehageplassar frå 15.august, er 1.mars.

Tildeling av plass er frå den 1. eller 15. i kvar månad.

Søkjarar som søkjer etter 1. mars, får tilbod om barnehageplass dersom det er ledige barnehageplassar i heradet.  

Tilflyttarar som søkjer barnehageplass i Voss herad må vera busett på Voss på det tidspunktet barnet skal byrja i barnehagen.  Har du barnehageplass i annan kommune må barnehageplassen vera sagt opp før du endrar adresse i folkeregisteret. Ein kan ikkje ha folkeregistrert adresse på Voss samtidig som ein har barnehageplass i ein annan kommune, jf. Forskrift om tildeling av tilskot til private barnehagar § 15.

 

§ 12. Sakshandsamingsreglar for tildeling av barnehageplass  

Foreldre/føresette har rett til grunngjeving dersom dei ikkje får tildelt barnehageplass etter første eller andre ønskje om barnehage, jf. forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage.

Klage skal sendast til kommunalavdeling oppvekst.  

 

§ 13.  Prioriteringsliste for tildeling av barnehageplass: 

Tildeling av barnehageplass skjer etter følgjande prioriteringsliste.   

1. Barn med nedsett funksjonsevne, jf. § 13 i barnehagelova.*  

2. Barn det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenesta, jf. § 4.4 *         

3. Barn frå barnehagar som blir lagde ned.   

4. Søsken har plass i same barnehage.**  

5. Barn av einslege forsørgjarar

6. Fødselsdato.

* Dersom det blir søkt om prioritert barnehageplass etter punkt 1 og 2, for barn med spesielle behov, skal behovet dokumenterast av fagpersonell.  

Barn med sterkt nedsett fysisk funksjonsevne, som nyttar rullestol eller på annan måte har begrensa fysisk bevegelsefriheit, vil få tilbod om plass i Voss eller Klausabakken barnehage. Dette då desse barnehagane er universelt utforma og difor er best tilrettelagt for barn med fysiske funksjonsnedsettingar.

**Søskenprioritet er knytt opp mot at ein har søsken i barnehagen når barnet byrjar i barnehagen. Ved hovudopptaket vil ein kunna missa denne prioriteten dersom søsken går ut av barnehagen.

Barn som har barnehageplass Voss barnehage, har fortrinnsrett til å få plass i villmarksgruppa i barnehagen, etter gjeldande prioriteringsliste for tildeling av barnehageplass. Er det ledige barnehageplassar etter dette, vert plassane tildelt etter same prioriteringsliste.

 

§ 14. Bedriftsplass  

Voss herad disponerer nokre plassar i dei kommunale barnehagane. Kommunal bedrifts-barnehageplass har ein til barnet byrjar i skulen, under føresetnad av at ein held fram i den kommunale stillinga, eller til plassen vert sagt opp. Kommunal bedriftsplass kan ein berre søkja om i dei kommunale barnehagane.   

Private barnehagar har eigne vedtekter og reglar for bedriftsplass. Nærare informasjon om bedriftsplassar får ein ved å venda seg til aktuelle barnehagar.  

 

§15.  Foreldrebetaling 

Heradsstyret gjer vedtak om betalingssatsar. Foreldre/føresette betalar for 11 månader. Det er betalingsfritak i perioden 15. juli – 14. august. Betaling for kost kjem i tillegg

For å få til ei god tilvenning for nye barn i barnehagen ved oppstart 15.august, kan nokre barn byrja tilvenning nokre dagar etter 15.august. Uavhengig av oppstartsdato, blir det fakturert for ein halv månad i august.      

Det kan søkjast om betalingsfritak dersom barnet har fråvær p.g.a. sjukdom samanhengande ein månad eller meir. Permisjon frå barnehageplassen kan søkjast om ved alvorleg sjukdom hjå barnet eller i barnet sin næraste familie. Søknad skal sendast til kommunalavdeling oppvekst.  

Ved manglande foreldrebetaling sender økonomiavdelinga betalingspåminning og varsel om oppseiing av barnehageplass. Om faktura ikkje vert betalt vil plassen verta sagt opp.

Skal foreldrebetalinga delast mellom to foreldre/føresette må dei inngå skrifteleg avtale med kommunalavdeling oppvekst. Dersom ein av foreldre/føresette ikkje betalar vil oppseiinga av barnehageplassen bli sendt til begge partar, sjølv om det berre er ein forelder/føresette som ikkje har betalt innan fristen. 

  

§ 16.  Oppseiing av plass  

Det er to månader gjensidig oppseiingstid av barnehageplassar. Oppseiinga gjeld frå 1. eller 15. i månaden. Oppseiinga skal leverast elektronisk. Det må betalast for opphald i oppseiingstida sjølv om barnet ikkje nyttar plassen. 

Om ein ynskjer å avslutta barnehageåret før 14.august, må plassen seiast opp seinast 31.mars, med siste barnehagedag 31.mai. Nyttar ein plassen etter 1.juni må ein betala t.o.m. 14.juli.

 

§ 17. Moderasjonsordningar/foreldrebetaling  

Foreldre med barn i barnehagen skal ikkje betala meir enn maksimumspris for ein barnehageplass. Det er to nasjonale moderasjonsordningar jf. Forskrift om foreldrebetaling:

1. Familien/hushaldet skal ikkje betala meir for ein barnehageplass enn 6 % av den samla inntekta.  

2. To, tre, fire og fem-åringar, samt barn med utsett skulestart, og som bur i hushald med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis kjernetid per veke. 

Syskenmoderasjon er 30 % for barn nr. 2 og 50 % for barn nr. 3 og oppover.   

Søskenmoderasjon skal omfatta søsken som bur fast saman. Barn anses for å vera fast busett på den adressa der dei til ei kvar tid er registeret i folkeregisteret. Søsken definerast som heilsøsken og halvsøsken. Stesøsken definerast utanfor.

Meir utfyllande informasjon om moderasjonsordningane finn ein på heimesida til Voss herad.

 

§ 18.  Ferie   

Barnet skal ha éin månad feriefråvær i barnehageåret. Planleggingsdagar kan reknast som ei ferieveke. Alle barnehagane er stengde veke 29 og 30, jul - og nyttårsaftan. Barnet skal ha tre veker samanhengande ferie innanfor skuleferien.

 

§19.  Leike – og opphaldsareal 

Netto leike- og opphaldsareal er fastsett av Voss herad jf. Departementet si rettleiande norm. For barn over tre år skal arealet inne væra minimum 4 m2 per barn, og for barn under tre år 5,33 m2 per barn. Leike- og opphaldsarealet ute skal om lag vera seks gonger så stort.  

 

§ 20. Bemanning

Norm for pedagogisk bemanning:

Norm for pedagogisk bemanning seier at det skal det vera minimum éin pedagogisk leiar per 14 barn når barna er over tre år og éin pedagogisk leiar per sju barn når barna er under tre år jf. forskrift om pedagogisk bemanning §1.

 

Grunnbemanning

Norm for bemanning er éin vaksen per tre barn under tre år, og éin vaksen per seks barn over tre år.

 

§ 21.  Helsekontroll av barn og personale  

Før eit barn byrjar i barnehagen, skal det leggast fram erklæring om barnet si helse. Dersom barnet har møtt til dei ordinære kontrollane på helsestasjonen, kan foreldre/føresette gje ei slik erklæring. 

Personale i barnehagen har plikt til å ta tuberkulosekontroll i høve til gjeldane regelverk.  

Styrar avgjer om eit barn p.g.a. sjukdom ikkje kan vera i barnehagen. Avgjerda vert teken på bakgrunn av retningsliner frå Folkehelseinstituttet.

  

§ 22.  Internkontroll    

For barnehagane gjeld det internkontrollsystemet som er vedteke for heradet sine verksemder.  

 

§ 23.  Teieplikt og politiattest

Dei tilsette i barnehagane, administrasjonen, medlemer av samarbeidsutvala og utval for levekår har teieplikt vedkomande alle personopplysningar dei i kraft av stilling/ombod vert kjende med, jf. barnehagelova § 44.  Alle som er, og blir tilsette i barnehagane skal ha gyldig politiattest, jf. barnehagelova § 30.

 

§ 24. Melde- og opplysningsplikt til barnevernet 

Alle tilsette som arbeider i medhald til Lov om barnehage, skal i sitt arbeid vera merksame på, og utan hinder av teieplikta melde frå dersom eit barn lever under forhold som kan føra til tiltak frå barnevernstenesta, jf. barnehagelova § 46.

 

§ 25. Øvingsopplæring 

Barnehagen sin eigar pliktar å stilla barnehagane til disposisjon for øvingsopplæring for studentar som tek barnehagelærarutdanning, og for lærlingar.

Styrar, pedagogiske leiar og fagarbeidarar plikter å rettleia studentar og lærlingar i slik øvingsopplæring.

 

Administrasjonen har fullmakt til å gjera endringar i vedtektene som følgje av statlege pålegg/endringar i regelverk. Administrasjonen har endra nokre punkt vedtektene i januar 2022, og i §15 i juni 2023. Administrasjonen har gjort små endringar i tråd med regelverk i §§ 9., 15., og 16. i januar 2024.

 

Vedtektene er vedtatt i Voss heradsstyre 12. desember 2019 sak 70 /19, og gjeld i frå 1.1.2020.