Bjørgum skule

Visjon - Skulen skal gje kunnskap og kompetanse til elevane, slik at dei kan ta kloke val og meistra livet sitt på ein god måte, no og i framtida.

Bjørgum skule er ein barneskule, 7 km frå Voss sentrum, med omlag 125 elevar, og kring 20 tilsette.

 

Skulen disponerer kunstgrasbane og ballbinge, amfi med scene, samt andre aktivitetar som bordtennis, balanseøvingar, klatretau, turnstativ og sosial sone med bord og benkar. Skulen har over tid opparbeida seg eigen musikkbinge som inneheld øvingslokale og ulike instrument. Musikkbingen vert systematisk brukt både i musikkundervising, tilstellingar, samt øvingar etter skuletid. Mykje av uteområdet er planlagt og gjennomført i eit samarbeid mellom skulen og FAU/foreldra.

Satsingsområder i Vossaskulen

Vossaskulen arbeidar kontinuerleg med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for brukarane våre. Skulane i Voss herad arbeidar no med tilpassa opplæring. Eit anna hovudsatsingsområde er digitalisering. 

Bjørgum skule tilbyr leksehjelp for elevar i 2.- 4.trinn.

Opningstid SFO Bjørgum skule

Opningstid SFO Bjørgum skule
Før skuletid Etter skuletid Kjernetid/12 timar gratis SFO for 1. og 2. klasse Skuletid
07:30 – 08:30 13:45 – 16:15 SFO fem dagar: 08:00 - 08:30 13:45 – 15:40, SFO tre dagar: 07:30 – 08:30 13:45 – 16:15 08:30 – 13:45

Kontakt

Arnstein Ringheim
Rektor
E-post
Telefon 91 87 42 33

Adresse

Tjørnahaugane 60

5709 Voss

 

Telefon: 56 51 76 94

Telefon SFO: 948 78 252

Epost: bjorgum.skule@voss.herad.no