Bulken skule

  Visjon - Skulen skal vera ein trygg stad å vera, leika og læra.      

Bulken skule er ein barneskule som ligg 7 km vest for Voss sentrum, og har omlag 90 elevar og 15 tilsette. Skulen er plassert flott til i eit landbruksområde på Rekve, og har flott utsikt over Vangsvatnet.

Skulen fokuserer òg på å sikra ein god skuledag for alle ved skulen, mellom anna gjennom å skapa ei kjensle av at alle har omsorg for kvarandre. Elevane på mellomsteget skal vera gode førebileter for dei yngre elevane, og personalgruppa er ein glad gjeng som brenn for at barna skal få utvikla seg fagleg og sosialt best mogeleg ut ifrå eigne føresetnadar.

På Bulken skule har ein difor valt fokus på leiken, der barn - gjennom den frie leiken - får mogelegheit til å læra og utvikla fokusområda: "språklæring, emosjonell læring og fysisk læring". Vidare er det då naturleg å fokusera på å ha ein skuleplass som gir eit breidt mangfald av leikmogelegheit, mellom anna å byggja kring den sterke vinteridrettsinteressa som finst i krinsen knytt til ski og hopping, og elles fotball og idrettsskule

Satsingsområder i Vossaskulen

Vossaskulen arbeider kontinuerlig med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for brukarane våre.

Skulane i Voss herad arbeider no med implementering av ny læreplan. Eit anna hovudsatsingsområde er digitalisering. Målsetjinga vår er at me innan 2021 skal ha 1:1-dekning med læringsbrett eller PC til alle elevar i Voss herad etter oppsett plan.

Bulken skule tilbyr leksehjelp for elevar på 2.-4.trinn.

Opningstid SFO Bulken skule

Opningstid SFO Bulken skule
Før skuletid Etter skuletid Kjernetid/12 timar gratis SFO for 1.og 2. klasse Skuletid
07:30 – 08:30 13:45 – 16:15 SFO fem dagar: 08:00 – 08:30 + 13:45 – 15:40 SFO tre dagar: 07:30 – 08:30 + 13:45 – 16:00 08.30 – 13.45

Kontakt

Stein Helge Mandelid
Rektor
E-post
Telefon 47 75 40 51

Adresse

Rekvesvegen 94

5708 Voss

 

Telefon: 56 51 42 19

Telefon skulesekretær: 995 73 469 

Telefon SFO: 992 19 241

Epost: bulken.skule@voss.herad.no