Evanger skule er ein barneskule som ligg 20 kilometer vest for Voss sentrum, og har omlag 45 elevar og 10 tilsette. Skulen er plassert i sentrum av Evanger, og utgjer eit møtepunkt på Evanger.
Skulen arbeider kontinuerleg i ein utviklingsprosess der skulemiljø er fokus, og skulen legg opp til ulike aktivitetar på tvers av klassetrinna. Mellom anna reiser heile skulen på symjing ein gong i veka og det er fellesansvar knytt til fadderordninga ved skulen. Skulen har eit utområde som byr på ulik aktivitet og leik, samstundes nyttar skulen godt av nærområdet.
Vossaskulen arbeidar kontinuerleg med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for elevane våre. Inneverande skuleår arbeidar me spesielt med læringsleiing, skulenærvær og å vera dysleksivennlege skular.
Evanger skule tilbyr leksehjelp for elevar på 2.-4.trinn.
Opningstid SFO Evanger skule