Gjernes skule

Visjon - Eit godt grunnlag for ei god framtid.

Gjernes skule er barneskule, som ligg 1,5 km sør for Voss sentrum. Skulen ligg i naturlege omgjevnadar med god tilgang til friområde og  til Vangsvatnet. Skulen er plassert lunt, ved bustadfeltet ved Gjernesmoen mot Bordalsgjelet, og har godt utsyn over Vossabygda. Skulen har også ein gapahuk i Gjernesmoen, som er flittig i bruk til uteskule og variert undervisning. Skulen har jobba over fleire år med å implementera den nye læreplanen, og har fokus på temabasert undervisning.

Me har 140 elevar fordelt på 7 klassar, og 23 tilsette skuleåret 23/24.

Me har eit godt skulebygg, som vart oppgradert i 2016. Gamledelen av skulen vart pussa opp, og det vart bygga ny gymsal med amfi, og personalavdeling.

Me har eit stabilt personale og arbeidsmiljøet er godt. Me jobbar kvar dag for å driva god og variert undervisning. Alle elever har rett til å bli møtt med eit smil, eit godt ansikt og like moglegheiter til å vera trygg og læra. Me har over fleire år jobba systematisk med å sikra eit godt læringsmiljø, ved skulen.

Kommande skuleår skal skulen utvikla seg til å verta endå betre på tilpassa opplæring.

Satsingsområde i Vossaskulen

Vossaskulen arbeider kontinuerlig med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for brukarane våre.

Skulane i Voss herad arbeider no med implementering av ny læreplan. Eit anna hovudsatsingsområde er digitalisering. Målsetjinga vår er at me innan 2021 skal ha 1:1-dekning med læringsbrett eller PC til alle elevar i Voss herad etter oppsett plan.

Gjernes skule tilbyr leksehjelp for elevar på 2.- 4. trinn.

 

Opningstid SFO Gjernes skule

Opningstid SFO Gjernes skule
Før skuletid Etter skuletid Kjernetid/12 timar gratis SFO for 1.og 2. klasse Skuletid
07:45 – 08:30 13:45 – 16:15 SFO fem dagar: 08:00-08:30 13:45-15:40 SFO tre dagar: 1 ekstra dag på SFO 08:30 – 13:45

Kontakt

Beate Mundal
Rektor
E-post
Telefon 95 70 76 96

Adresse

Gjernesmoen 8

5700 Voss

Telefon: 56 51 47 40

Telefon SFO: 948 61 064

Epost: gjernes.skule@voss.herad.no