Granvin barne- og ungdomsskule

Visjon - Alle med, gjennom læring og trivnad; i fellesskap.

Granvin barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som ligg sentralt i Granvin, omlag 20 km søraust for Voss sentrum, og har omlag 100 elevar og 20 tilsette. Skulen har gode areal like ved skulen for ulik aktivitet.

Uteareala har vorte opparbeida for flott variasjon av aktivitet. Forutan flott kunstgrasbane og leikeapparat, er det i nærleiken av skulen ulent terreng for leik, med ulike utfordringar som inviterer barna til fysisk aktivitet og sosialisering. Granvin barne- og ungdomskule har 30 min fysisk aktivitet kvar dag. Skulen nyt òg godt av tett samarbeid med kulturskulen.

 

Satsingsområde i Vossaskulen

Vossaskulen arbeider kontinuerlig med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for brukarane våre.

Skulane i Voss herad arbeider no med implementering av ny læreplan. Eit anna hovudsatsingsområde er digitalisering. Målsetjinga vår er at me innan 2021 skal ha 1:1-dekning med læringsbrett eller PC til alle elevar i Voss herad etter oppsett plan.

Opningstid SFO Granvin barne- og ungdomsskule

Opningstid SFO Granvin barne- og ungdomsskule
Før skuletid Etter skuletid Kjernetid/12 timar gratis SFO for 1.og 2. klasse Skuletid
07:30 – 08:30 13:00 – 16:30 13:00 – 15:20 1.-5. kl.: 08:30 – 13:00
6.-10.kl.: 08:30 - 14:00

Kontakt

Solveig Uppheim
Rektor
E-post
Telefon 41 32 01 67

Adresse

Hardangervegen 2543

5736 Granvin

Telefon: 56 52 40 40

Telefon SFO: 481 62 243

Epost: granvin.skule@voss.herad.no