Gullfjordungen skule

Visjon - Saman legg me grunnlaget for meistring og læring kvar dag, tufta på verdiane respekt - ansvar - omsorg.

Gullfjordungen skule er ein barneskule for 1-7. klasse, med 170 born og 26 tilsette.  Skulen ligg 2 km frå Vangen (sentrum), med flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida.  Skulebygningane består av to hus, hovudbygg frå 1977, og gamleskulen der SFO held til. Frå neste år blir SFO fordelt i to lokale då det er fleire born på SFO enn tidlegare år.


Skulen har dei siste åra bygd seg opp mykje kompetanse innan STL+ (skriva seg til lesing), og har stort fokus på leseferdigheiter og variasjon av undervisingsformer i undervisinga. Styrking av to-språkleg kompetanse er eit samarbeidsprosjekt med Høgskolen i Bergen. Det vert prioritert arbeid med praktiskestetiske fag, musikk og framsyningar, samt at mykje av undervisinga vert lagt til nærområdet i form av faste turdagar, gardsopplevingar, uteskule osb.


I samarbeid med FAU og elevrådet har me fokus på å arbeida for god språkbruk og regelstyring, at me er på skulen for å læra, at skulen skal vera ein trygg stad for alle og at me tek vare på skulen vår. 
 

Satsingsområde i Vossaskulen

Vossaskulen arbeider kontinuerlig med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for brukarane våre.

Skulane i Voss herad arbeider no med implementering av ny læreplan. Eit anna hovudsatsingsområde er digitalisering. 

Gullfjordungen skule tilbyr leksehjelp for elevar på 2.-4. trinn.

 

Opningstid SFO Gullfjordungen skule

Opningstid SFO Gullfjordungen skule
Før skuletid Etter skuletid Skuletid Kjernetid/12 timar gratis SFO for 1.og 2. klasse
07:30 – 08:15 13:45 – 16:00 08:15 – 13:45 07:55 – 8:30 + 13:45 – 15:30

Kontakt

Steinar Rygg
Rektor
E-post
Telefon 91 87 42 07

Adresse

Geili 8

5704 Voss

 

Telefon: 56 52 32 87

Telefon SFO: 957 31 392

Epost: gullfjordungen.skule@voss.herad.no