Skulestad skule

Visjon - Ein god plass å vera, ein god stad å læra.

Skulestad skule er ein barneskule som ligg omlag 3 kilometer nord for Voss sentrum, og har omlag 175 elevar og kring 35 tilsette. Skulen er plassert tett på naturlege omgjevnader, med fjella Lønahorgi og Hanguren,  Melsvatnet og alpinanlegget Bavallen i nærleiken. 

Fleire av trinna har uteskule på timeplanen, i tillegg til gardsbesøk, fjellturar og skidagar, og nyttår då ofte det flotte nærområdet rundt skulen. Skulen jobbar kontinuerleg for å ha ein skulekultur som fremjar læring, trivnad og likeverd. Ved å stimulera elevane sine sterke sider skapar ein nysgjerrigheit, lærelyst og aktivitet. Det er fokus på at elevane skal oppleva å ha forståing av kva dei skal læra og kva som vert forventa av dei, samt å gje attendemelding på arbeid og vegen vidare for å nå måla i læringa.

Skulen har ei eiga avdeling, ASK, som er retta spesielt mot elevar som treng særskild tilrettelegging. ASK kan visa til gode erfaringar i arbeidet med desse borna. Skulen har eit stort uteareal, med eigen sykkelbane, ballbinge, fotballbanar, grindbygg og leikeareal. Skulen legg til rette for læring gjennom leik og aktivitet, og er ofte ute på skuleplassen i undervisninga.

Satsingsområde i Vossaskulen

Vossaskulen arbeidar kontinuerleg med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for elevane våre. Inneverande skuleår arbeidar me spesielt med læringsleiing, skulenærvær og å vera dysleksivennlege skular. 

Skulestad skule tilbyr leksehjelp for elevar på 2.-4.trinn

Opningstid SFO Skulestad skule

Opningstid SFO Skulestad skule
Før skuletidEtter skuletidKjernetid/12 timar gratis SFO for 1. - 3. klasseSkuletid
07:30 – 08:3013:40 – 16:1507:55 – 08:30 + 13:40 – 15:3008:30 – 13:40

Kontakt

Jon Arve Bjordal
Rektor
E-post
Telefon 41 12 75 31

Adresse

Strandavegen 334

5710 Skulestadmo

 

Telefon: 56 51 47 20

Telefon skulesekretær: 417 04 933 

Telefon SFO: 918 68 011

Epost: skulestad.skule@voss.herad.no

 

Organisasjonsnummer skule: 875281852

Organisasjonsnummer sfo: 988488224