Vangen skuleVisjon - Trivnad, tryggleik og læring i eit kreativt miljø. Sist endra 06.03.2026 11.57 Vangen skule er ein barneskule som er lokalisert i sentrum av Vossevangen, med omlag 240 elevar og 55 tilsette. Skulen ligg midt i sentrum i ei av bygda sine grøne lunger, med kort veg til Prestegardsmoen og Vangsvatnet.Som heradet sin største 1.-7.trinnsskule, jobbar ein kontinuerlig med korleis nå elevar med tilpassa undervisning. Skulen har eit flott uteområde der det er lagt til rette for aktivitetar av ulikt formål: klatreløype, husker, kunstgrasbane og sklier. Skulen har innføringsklasse for minoritetsspråklege elevar på 1. - 7.trinn. Innføringsklassen er eit tilbod til elevar som nyleg har kome til Noreg og som har behov for særskild opplæring i norsk.Satsingsområde i VossaskulenVossaskulen arbeidar kontinuerleg med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for elevane våre. Inneverande skuleår arbeidar me spesielt med læringsleiing, skulenærvær og å vera dysleksivennlege skular. Skulefritidsordning (SFO) Opningstid SFO Vangen skuleOpningstid SFO Vangen skuleFør skuletidEtter skuletidSkuletid07:45 – 08:4513:30 – 16:1508:45 – 13:30 Voss herad har 12 timar gratis SFO for 1. - 3.trinn. På Vangen skule vert ordninga organisert på følgjande måte:12 timar gratis SFO - tre dagar: 07:45 - 08:45 og 13:30 - 16:1512 timar gratis SFO - fem dagar: 07:45 - 08:45 og 13:30 - 15:00 Her kan du lesa meir om SFO og søkja plass: skulefritidsordning i Voss heradSøknaden gjeld berre for eitt år. Ein må søkje om plass kvart år på SFO.SkulerutaSkuleruta 2025/2026 Leksehjelp 5. - 7.trinnDet er leksehjelp for 5. -7.trinn ein time etter skulen er ferdig måndagar, tysdagar og onsdagar. Skulen sender ut påmeldingsskjema i mai/juni. InnføringsklassenInnføringsklassen er eit tilbod til elevar frå heile Voss herad som nyleg har kome til Noreg og som har behov for særskild opplæring i norsk. Me legg vekt på å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø der elevane får god støtte til å læra språket og bli kjende med den norske skulen. Det er viktig for oss at deira fyrste år i Noreg vert så trygt og godt som mogeleg. Elevgruppa er kompleks; her er elevar i ulik alder, frå ulike nasjonar, ulik språk, religion og kultur. I tillegg til undervisninga i Innføringsklassen, føl dei også ordinær klasse i praktiske- og estetiske fag. Undervisninga tek utgangspunkt i kvar den einskilde eleven er, og me arbeider både med språk, fag og sosiale ferdigheiter. Det er viktig for oss at alle på Vangen skule kjenner på at å vera ein fleirkulturell skule er ein styrkeForsterka avdelingForsterka avdeling (Gul gruppe) på Vangen skule er eit særskilt tilrettelagd skuletilbod for elevar med autismespekterforstyrringar. Her får elevane ein individuelt tilrettelagt skulekvardag, tilpassa kvar elev sine styrkar og utfordringar. Avdelinga har plass til åtte elevar frå 1. – 7.trinn. Felles for elevane er at dei treng tett og strukturert oppfølging i alle delar av kvardagen.Forsterka avdeling er ein integrert del av drifta ved skulen. Avdelinga kan ta imot elevar frå heile heradet, og har eit svært avgrensa tal plassar. Ein føresetnad for å søkje om plass er ei sakkunnig vurdering frå PPT som tilrår at eleven har behov for individuelt tilrettelagd opplæring gjennom heile skuledagen, i alle fag. Det er foreldra som søkjer i samråd med PPT og nærskulen / barnehagen.Meir informasjon kjem.Smarttelefonfri barndomFAU støttar initiativet Smarttelefonfri barndom 2030. Me har som mål at Vangen skule innan 2030 skal vera ein skule der barn i all hovudsak ikkje brukar smarttelefon.Felles målsetjing for ein smarttelefonfri barnedom ved Vangen skule (PDF, 123 kB) Digital praksis på Vangen skuleRetningslinjene skal sikre at bruk av digitale verkemiddel i skulen fremjar læring, trivsel og tryggleik. Retningslinjene gjev konkrete rammer for når og korleis skjerm vert nytta i skuletida, SFO og til lekser.Digital praksis på Vangen skule (PDF, 88 kB)