Voss ungdomsskule

Visjon - Alle skal oppleva meistring og læring kvar dag.  

 

Svein Ulvund

  

Voss ungdomsskule er ein rein ungdomsskule som ligg i sentrum av Vossevangen. Skulen har 557 elevar i skuleåret 2025-2026 og ca 100 tilsette. Skulen ligg vakkert til ved Vangsvatnet, med Prestegardslandet og Prestegardsmoen eit steinkast vekke. 

Voss ungdomsskule arbeider aktivt for å sikre at alle elevar opplev meistring og læring kvar dag. I tillegg til skulen sin eigen gymsal har elevane tilgang til Vossabadet, friidrettsstadion, kunstgrasmatter og idrettshall. På sjølve skuleplassen disponerer elevar eit stort uteområde, med ulike sosiale soner, samt område for fysisk aktivitet.

Skulen tilbyr følgjande tilvalsfag: tysk, fransk, spansk, engelsk fordjupning og arbeidslivsfag.

Skulen tilbyr følgjande valfag: Friluftsliv, praktisk handverksfag, fysisk aktivitet og helse, produksjon for scene, design og redesign, innsats for andre, trafikk, spelpedagogikk og utvikling av produkt og tenester. 

Satsingsområde i Vossaskulen

Vossaskulen arbeidar kontinuerleg med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for elevane våre. Inneverande skuleår arbeidar me spesielt med læringsleiing, skulenærvær og å vera dysleksivennlege skular. 

Voss ungdomsskule satsar på utvikling av nytt og spanande uteområde på skulen, og på eit inkluderande skulemiljø.

 

Skulestart haust 2026

Velkomen til fyste skuledag på Voss ungdomsskule mandag 17.august:

Alle elevar møtar i gymsalen  i sørfløyen kl 08.40 for felles samling. Skuledagen sluttar til vanleg tid, kl 14.25

Skuleruta for Voss herad skuleåret 2026/2027 finn de her:

Skulerute 2026/2027

 

Skuleskyss

Elevar med rett på skuleskyss har fått brev om dette til heimen. Har de spørsmål om skuleskyss for enkeltelev kan de kontakte skulen på e-post: Voss.Ungdomsskule@voss.herad.no 

Generell info om skuleskyss finn de her: 

Skuleskyss

 

 

Kontakt

Kåre Grevle
Rektor
Telefon 90 94 84 06

Adresse

Besøksadresse: Olavsvegen 5, 5700 Voss

Postadresse: postboks 504, 5703 Voss

Telefon, kontor: 56 51 95 55

Epost: voss.ungdomsskule@voss.herad.no
 

Anna Kvåle, ass.rektor, ansvarleg for 8. trinn                Mobil: 906 42 280

Karianne Gjeraker, ass.rektor, ansvarleg for 9.trinn Mobil: 482 78 051 

Camilla Jakobsen, ass.rektor, ansvarleg for 10. trinn    Mobil: 404 27 764

Anne-Siri Undeland Bauthus, rådgjevar for 8. trinn Mobil: 918 13 632

May Røssland, rådgjevar for 9. trinn                     Mobil: 414 15 619

Ingegjerd Øvsthus, rådgjevar for 10.trinn                      Mobil: 958 74 262

 

 

Organisasjonsnummer:  975289702                 

 

Opningstider

Resepsjon og sentralbord

Mandag - fredag: 08:15 - 15:00

Lunsj: 12:00 - 12:30