Søknad om skuleskyssElevar i 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå nærskulen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. For elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg kan det søkjast om skyss utan omsyn til veglengda. Sist endra 04.07.2022 14.57 Vestland fylkeskommune er ansvarleg for skuleskyss for elevar i grunnskulen som har lenger skuleveg enn fire km (2.-10- trinn) og to km (1. trinn). Det er også Vestland fylkeskommune som gjer vedtak i slike saker. For elevar som som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg er det Voss herad som har vedtaksmynde. Kven har rett til fri skuleskyss? I Opplæringslova § 7-1. Skyss og innlosjering i grunnskolen heiter det: "Elevar i 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda." - Dersom eleven går på ein annan skule enn nærskulen (den dei soknar til) kan ein setja som føresetnad at føresette sjølv syter for skyss, eller tek kostnaden med nødvendig skuleskyss jf. rundskrivet Udir-2-2019 Retten til skyss. Kor lang er skulevegen? Vestland fylkeskommune, Skyss og Voss herad nyttar skyss.no sine kartreiskap ved vurdering av skulevegar. Du kan sjølv måla eigen skuleveg, her. Søk fri skuleskyss - Skulevegen over fire km (2. - 10. trinn) eller over 2 km (1. trinn) Dersom skulevegn er over fire km (2. - 10. trinn) eller over to km (1. trinn) er det Vestland fylkeskommune som handsamar søknad om fri skuleskyss. Ta kontakt med skulen til eleven. Skulen søker skyss på vegne av alle elevar der avstand er over fire / to km. Ynskjer du meir informasjon om fylkeskommunal skuleskyss, finn du dette her. Kva er ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg? Barn som oppheld seg i trafikken vil alltid vera utsett for ein viss fare. For å få rett til fri skuleskyss (på bakgrunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg) må det det vera ein "særleg risiko" til stades. Dette betyr at trafikkutfordringane som eleven møter er større enn kva det er forventa at eleven skal kunna meistra. I Voss herad har Utval for levekår gjort vedtak om kva skulevegar som er "særleg farleg eller vanskeleg skuleveg". Du finn klassifiseringa ved å trykka her (PDF, 131 kB). Når ein vurderer om skulevegen er «særleg farleg eller vanskeleg» gjer ein ei objektiv og ei subjektiv vurdering. I ei objektiv vurdering klarlegg ein forhold ved vegen og trafikkforholda i høve til om vegen er å rekna som særleg farleg eller vanskeleg. Moment som kan vera aktuelle er fartsgrense, sikt, mengde trafikk og tilrettelegging for fotgjengarar. Eit anna moment er at sjølv om den kortaste vegen til skulen vert rekna som særleg farleg eller vanskeleg, gjev ikkje dette automatisk rett til fri skuleskyss. Det kan vera alternative vegar som ikkje er like utsette og er innan skyssgrensa. I den subjektive vurderinga vil ein vurdera om det er tilhøve ved den einskilde elev som gjer at det er forsvarleg eller uforsvarleg for å eleven å ta seg fram langs skulevegen. Her vil blant anna eleven sin alder, utvikling, syn og høyrsel vera aktuelle moment. Særleg farleg eller vanskeleg skuleveg i Voss herad I Voss herad er det politisk vedteke, i sak 69/21, kva skulevegar som er klassifisert som særleg farleg eller vanskeleg. I same sak, punkt 7, vert det stadfesta at administrasjonen har "mynde til å gjera endringar i klassifiseringa, jamfør utbetring av veg, eller som fylgje av vedtak gjort av Statsforvaltaren. Dokumentet som ligg vedlagt under er eit levande dokument, og det vil bli gjort endringar. Eventuell endring vert fyrst gjeldande frå og med komande skuleår, og vil ikkje påverka vedtak om skyss for eksisterande vedtaksperiodar. Trykk her for å sjå klassifiseringa i Voss herad (PDF, 131 kB). Søk fri skuleskyss - særleg farleg eller vanskeleg skuleveg Søk fri skuleskyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg her. Kven har rett på sidevegskyss? Har du gangavstand på meir enn ein km for 1.klassingar, eller to km for 2.-10.klassingar, til offentleg skyssmiddel, kan ein søkja om skyss på denne strekninga. Ein må i tillegg oppfylla vilkåra om vanleg skuleskyss (2 km / 4 km gangavstand til skule). Skyssen gjeld i så fall strekninga mellom heim og haldeplass, og ikkje mellom heim og skule. I vurderinga av ein søknad skriv Skyss at desse momenta vert vektlagt: - avstand - framkomst på veg (til dømes skilnad mellom vinter- og sommarføre) - kostnad ved tilrettelagt skyss. Skyss ved delt bustad I reglementet til Skyss står det: "Elevar som har delt bustad vil vere folkeregistrert på ei adresse sjølv om dei deler tida mellom to heimar. For å ha rett til gratis skoleskyss, må eleven sitt opphald vere ei rimeleg fast, planlagt og regelmessig ordning, ikkje improvisert enkeltbesøk. Det er ikkje eit krav om at eleven bur like mykje i kvar heim, men det avgjerande er at eleven faktisk bur to stadar. For å ha rett til skyss frå begge bustader må vilkåra for skyssrett i opplæringslova vere oppfylt (§ 7-1 eller § 7-3) for begge adressene. Det må ligge føre ein signert avtale av begge føresette der fordelinga av samværet er beskrive. Mellombels endringar frå den faste planen gjev ikkje rett på skyss. Ved delt bustad kan begge føresette sine adresser vere utgangspunkt for kva som er eleven sin nærskole i samband med skoleskyss. Nærskolen må likevel vere i den kommunen der eleven er folkeregistrert og som har opplæringsansvaret for eleven." Les meir om reglementet kring skuleskyss her. Reglement om skuleskyss ved delt bustad finn du i kapittel 2. Skyss ved SFO Skyss skriv i sitt reglement at elevar har som hovudregel berre rett til skyss til og frå skule, og til start- og sluttid. Dette betyr at elevar som nyttar tilbod om SFO, ikkje har direkte rett til skyss før og etter SFO-tid. Skyss skriv vidare: "Elevar med skyss på medisinsk grunnlag er unntatt frå denne regelen og har rett på skyss også i samband med SFO. I særskilte tilfelle kan funksjonsfriske elevar likevel få skyss til/frå SFO dersom dette ikkje fører til ekstra skyss-/meirkostnader. Dette inneber at skyss til/frå SFO må vera samkjørt, og at eleven ikkje kan krevja å få eit skysstilbod som er innanfor reglane i kap.5. Døme: Ein elev har siste klassetime kl. 1400, men er på SFO fram til kl. 1500. Dersom eleven kan samkøyrast med andre elevar etter skuletid kl. 1400, og må ha eiga drosje frå SFO kl. 1500, vil dette vera ein meirkostnad for Skyss. Dersom eleven ikkje kan samkøyrast kl. 1400, og det vert same kostnad for transportøren om eleven blir henta kl. 1400 eller kl. 1500, blir slikt skyssopplegg godkjent".