Aktivitetssenter for deg med funksjonsnedsetjing

Vil du ha ein aktiv og meiningsfull kvardag saman med andre? Aktivitetssenteret er eit tilbod for deg som har ei funksjonsnedsetjing og treng støtte for å delta i aktivitetar og fellesskap.

Kva skjer på aktivitetssenteret?

Hjå oss kan du vera med på ulike aktivitetar som gjev meistring. Me legg vekt på fysisk aktivitet, og aktivitetane varierer frå dag til dag.

Kor ofte kan du koma?

Du kan vera hjå oss frå ein til fem dagar i veka, avhengig av kva du har fått vedtak om. 

Kven kan få tilbodet?

Tilbodet er for deg som:

  • har fysisk og/eller psykisk funksjonsnedsetjing 
  • treng hjelp for å få ein aktiv og meiningsfull kvardag
  • ikkje klarer å delta i daglege aktivitetar utan støtte

Slik søkjer du

Du finn informasjon om korleis du søkjer her:

Søk helse- og omsorgstenester

Lover og forskrifter

Dette er ei ikkje-lovpålagd teneste, men kommunen har ansvar for å tilby tenester som dekker grunnleggjande behov. Det står i:

  • Helse- og omsorgstenestelova § 1-1: Lova skal sikre at alle får moglegheit til å leve eit sjølvstendig og meiningsfullt liv i fellesskap med andre 
  • § 3-1 og § 3-2: Kommunen skal sørgje for nødvendige helse- og omsorgstenester, som kan inkludere dagaktivitetstilbod for dei som treng det 

Andre relevante lover og forskrifter

 

 

 

 

 

 

Kontakt

Nyhagen aktivitetssenter
Telefon 99 20 71 25

Adresse

Vetleflaten omsorgssenter
Hardangervegen 49
5705 Voss

Opningstid

Måndag til fredag kl. 09.00-15.30