Dagtilbod for seniorar

Ynskjer du ein sosial og aktiv kvardag? Dagtilbodet er for deg som bur heime og har behov for sosialt fellesskap og aktivitetar i kvardagen.

Kva skjer på dagtilbodet?

Hjå oss kan du delta i mange ulike aktivitetar, som til dømes:

  • handarbeid
  • baking
  • turgåing
  • trim og rørsle
  • hagearbeid
  • høgtlesing
  • sosialt samvær og prat

Tilbodet kan også vera ei avlasting for pårørande.

Eige tilbod for personar med demens

På Vetleflaten omsorgssenter har me har ei eiga avdeling for personar med demens. Her får brukarane eit tilrettelagt og trygt tilbod, tilpassa deira behov.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon
Avdeling Telefonnumer Telefontid
For seniorar
Vetleflaten omsorgssenter 418 63 044 08.00-15.30
Vossestrand omsorgstun 56 52 90 60 08.00-15.30
Granvin sjukeheim 404 03 881 08.00-15.30
For personar med demens
Dagtid - Vetleflaten omsorgssenter 417 04 899 08.00-15.30
Ettermiddag - Vetleflaten omsorgssenter 915 93 227 11.00-18.30

Pris

Pris
Teneste 2025
Dagtilbod 172 kr/dag

Slik søkjer du

Du finn informasjon om korleis du søkjer her:

Søk helse- og omsorgstenester

Lover og forskrifter

Dagtilbod for seniorar

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste, men kan bli gitt dersom du har behov for hjelp som gjev rett til tenester etter sosialtenestelova § 12.

Dagtilbod for personar med demens

Dette er ei lovpålagd teneste.