Omsorgsbustad

​​Leige av omsorgsbustad er eit tidsavgrensa tilbod for innbyggjarar som treng spesiell tilpassing grunna alder, bevegelse- eller utviklingshemming og ikkje klarar å skaffe eigna bustad sjølv eller med anna offentleg hjep.

Kven passar tilbodet for?

  • Tilrettelagt omsorgsbustad utan bemanning: For deg som har behov for endring av buforhold, spesielt tilrettelagt bustad eller oppfølging i bustad på grunn av helse eller sosiale forhold, og som treng varige og omfattande helse- og omsorgstenester.
    Du kan søkja om heimetenester.
  • Omsorgsbustad med bemanning dag/kveld: For deg som treng ekstra mykje hjelp og tryggleik til å meistre kvardagen.
  • Omsorgsbustad med bemanning heile døgnet: For deg som er varig ute av stand til å ta vare på deg sjølv og i liten grad meistrar daglege gjeremål grunna psykisk eller fysisk funksjonstap. Her får bebuarane tilbod om ulike aktivitetar som turar til skogs og fjells, konsertar, teater, kino, tilpassa symje- og ridegrupper.

Kan du bu heime med tilrettelegging?

Sjølv om helsetilstanden din er redusert og det er vanskeleg å bu heime, anten fordi det er utrygt, ikkje tilrettelagt eller einsamt, er det ikkje sikkert du treng å flytta til ein omsorgsbustad. Til dømes kan tilskot til å tilpassa eigen bustadkommunale hjelpemiddelNav hjelpemiddel eller kvardagsrehabilitering bidra til at du kan bu lengre heime og klara deg sjølv.

Slik søkjer du

Dette må du legge ved søknaden:

Husleige

Husleiga vert fastsett etter bustaden sin standard, storleik og kva leigeprisen er på marknaden.

Treng du hjelp til å betala husleiga?

Du kan søkja om bustønad frå Husbanken.
Søknadsskjema finn du her: Søknad om bustønad

 

Kontakt

Omsorgsbustad

Sakshandsamar bustad
Telefon: 5555 3333

Udlabu omsorgsbustad
Hardangervegen 51 A, 5705 Voss
Telefon: 979 97 188

Lundhaugen bufellesskap
Ringheimsvegen 23, 5704 Voss
Telefon: 480 14 552

Skulestadtunet fellesbustad
5710 Skulestadmo
Telefon: 952 62 034

Skulestadvegen fellesbustad
5710 Skulestadmo
Telefon: 480 14 556

Skulestadhagane omsorgsbustad
5710 Skulestadmo
Telefon: 918 74 225

Vetleflaten omsorgsbustad
Hardangervegen 49, 5705 Voss
Telefon: 970 50 369