Koordinator og individuell planDersom du har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har du rett til å få oppnemnt ein koordinator og få ein individuell plan dersom du sjølv ynskjer det. Ein individuell plan hjelper deg å setja langsiktige mål for korleis du skal meistre kvardagen.Kva gjer ein koordinator?Koordinator bidreg til samordning av tenestetilbodet, innkalling til ansvarsgruppemøter og framdrift i Individuell plan.Koordinator vert oppnemnt av koordinerande eining i samråd med deg.Koordinator og barnekoordinator skal vere ein kommunal tenesteytar blant dei tenestene du allereie har. BarnekoordinatorEit tilbod til familie/fosterfamilie som har eller ventar born med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, som har behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og velferdstenester. Barnekoordinator samla og koordinera dei ulike tenestene kring barnet ditt. Kva er ein individuell plan?Ein individuell plan er eit samhandlingsverktøy mellom deg og tenesteapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane. Planen skal innehalde ei oversikt over dei mål som er viktige og tiltak som kan bidra til at måla vert nådd. Måla vil vera synlege for alle som yt tenester og bidreg til at alle tenester trekke i same retning til det beste for deg som har individuell plan.Individuell plan er digital. Det betyr at du kan få oversikt og følgje opp planen din på nett. Du loggar inn med same type pålogging som du nyttar til nettbank. Løysinga er sikker, og personopplysningane dine er godt beskytta. Når du får digital individuell plan, får du òg grunnopplæring i korleis du brukar løysinga. Slik søkjer duKriteria for å få tildelt alminneleg koordinator/barnekoordinator er at du har behov for langvarige og samansette tenester frå heradet sine helse og omsorgstenester, eller frå spesialisthelsetenesta.Søk helse-og omsorgstenester Klage Tilsegn, samtykkje eller avslag på individuell plan vert ikkje rekna som enkeltvedtak. Du kan likevel klage på avslag om individuell plan etter lova om brukar- og pasientrettar § 7-2. Avgjerd om oppnemning av koordinator vert ikkje rekna som enkeltvedtak. Retten til å klage etter lova om brukar- og pasientrettar omfattar ikkje oppnemning av koordinator. Lover og reglar Koordinerande eining er ein lovpålagd funksjon som er organisert som ein del av forvaltning av helse og omsorgstenester.Forskrift om individuell plan i arbeids- og velferdsforvaltningen heimla i:Lov om arbeids- og velferdsforvaltningen § 15 (NAV-loven)Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 28 og § 33Lov om barneverntjenester § 3-2 aLov om kommunale krisesentertilbud § 4 Retten til barnekoordinator er lovpålagd i helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2a. Plikten til å samarbeide mellom tjenestene er i tillegg lovpålagt i mange lover. Sjå:Tannhelsetjenesteloven § 1-4aBarnevernloven § 3-2 og 3-2aFamilievernkontorloven § 1aOpplæringsloven § 4A-14 og § 15-8Privatskoleloven § 3-6aSpesialisthelsetjenesteloven §2-1e og § 2-5aPasient- og brukerrettighetsloven § 2-5cBarnehageloven § 2bNav-loven § 15aKrisesenterloven § 4Sosialtjenesteloven § 13Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-4 og 7-2aIntegreringsloven § 50 Nyttige lenkjerIndividuell plan og koordinator - HelsedirektoratetBarnekoordinator - Helsedirektoratet