Kreftkoordinator

KORT FORTALT

Kreftkoordinator er eit lågterskeltilbod til personar, familiar og pårørande som er ramma av kreft og som treng råd og støtte i ein vanskeleg periode.

Konsultasjonane kan vera heime hjå deg, på kreftkoordinator sitt kontor eller på telefon. Kreftkoordinator er også tilgjengeleg på biblioteket tysdagar kl. 13-15.

Ta kontakt på telefon 992 07 129 eller e-post

Kreftkoordinator kan vera samtalepartnar, gje råd og rettleiing om diagnose, behandling, rehabilitering  og lindring og omsorg ved livets slutt. Koordinator kan også hjelpa med å finna aktivitetar, kurs og andre tilbod.

Kreftkoordinatoren arbeider for å sikra at alle som er kreftramma får same tilbod, og at gode rutinar bidreg til god kvalitet i kreftomsorga. Dersom du skulle oppleva svikt i oppfølginga frå kommunen, kan du ta kontakt med Kreftkoordinator.

Tilbod

Temakafé for kreftpasientar og pårørande
"Treffpunkt" – møteplass for born og unge
"Ung Pårørande" på Ungdomshuset

Kontakt

Kreftkoordinator

Voss sjukeheim 
Sjukehusvegen 15, 1. etasje 

E-post: kreftkoordinator@voss.kommune.no
Tlf: 992 07 129 (mån-fre kl. 08 - 15:30)
Biblioteket Voss kulturhus:
Tysdagar kl. 13 - 15