Omsorgsstønad

KORT FORTALT

Omsorgsstønad er ein økonomisk kompensasjon til deg som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen, til dømes med å gje tilsyn, pleie og omsorg til eit familiemedlem.

Arbeidet som lønnast må du oppleva som særleg belastande, varig og av eit visst omfang.

Har eg krav på omsorgsstønad?

Noko av det kommunen legger vekt på er:

  • om det er søkt om hjelpestønad frå NAV
  • kor mange timar per månad du utfører omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk og psykisk belastande enn vanleg
  • om omsorgarbeidet inneberer mykje nattevåk eller avbrot i nattesøvnen
  • om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på fritid
  • om omsorgsarbeidet fører til tap av inntekt

Kommunen vil føreta ei kartlegging og vil etter ei fagleg og heilskapleg vurdering avgjera om omsorgsstønad skal gjevast og kva nivå stønaden skal liggja på.

Søk helse- og omsorgstenester 

 

Kontakt

Forvaltningskontoret og koordinerande eining
Kvardagar kl. 09-15
E-post
Telefon 56 52 13 00

565 213 04

Adresse: Voss tinghus
Uttrågata 9, Postboks 145
5704 Voss