Kommunal ergoterapi

Du kan kontakta ergoterapeutane dersom du på grunn av sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting har utfordringar i høve daglege gjeremål.

Ergoterapitenesta er gratis, og alle kan ta direkte kontakt på telefon. Du treng ikkje tilvising frå lege eller anna faggruppe. 


Kva kan ein ergoterapeut hjelpa deg med?

  • Kartlegga din funksjon og gje råd om å tilpassa aktivitetar og arbeidsvanar. 
  • Gje råd og rettleiing for å betra eller bevara din funksjon, og førebygga sjukdom og skade.
  • Kartlegga og tilrettelegga/tilpassa bustad, barnehage, skule eller arbeidsplass. 
  • Trening med sikte på å klara viktige daglege aktivitetar og oppgåver. 
  • Søka om/bestilla nødvendige tekniske hjelpemiddel.
  • Utprøving, tilpassing og opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel.
  • Råd og rettleiing til pårørande/foreldre og andre samarbeidspartar. 
  • Vera med å setta realistiske mål for habilitering/rehabilitering.
  • Følga deg opp etter utskriving frå institusjon/sjukehus.
  • Kvardagsrehabilitering/ heimerehabilitering

 

Ein ergoterapeut jobbar etter ein prioriteringsnøkkel og henvisning. Prioriteringsnøkkel vil seie at me prioriterer det som hastar mest fyrst. Ein henvisning kan komma frå deg sjølv eller andre samarbeidande helseaktørar.  

Prioriteringsnøkkel ergoterapi

Prioriteringsnøkkel ergoterapi
Prioritet 1 Prioritet 2 Prioritet 3
Rask intervensjon vert vurdert å ha særleg stor tyding for at brukaren kan oppretthalda og betra primærfunksjonar og lindring. Tidleg intervensjon vert vurdert å ha tyding for at brukaren kan gjenvinna, oppretthalda eller utvikla/betra funksjon- og meistringsevna. Intervensjon er forventa å ha positiv påverknad for funksjon og deltaking hjå brukar.

Kontakt

Kommunal avdeling for ergoterapi og fysioterapi
Hagahaugvegen 30
Telefon 95 26 20 04