Kurset «Tobakksfri»
Dette er eit sluttekurs for deg som ynskjer å verta røyk- eller snusfri saman med andre.
Kurset er utvikla av Helsedirektoratet, og er basert på forskning og erfaring.
Kurset passar for deg som ynskjer:
- Å dela erfaringar med andre
- Praktiske og mentale førebuingar til å slutte med tobakk
- Effektive tiltak for å handtera snus-/røykesug
- Støtte og oppmuntring frå andre i same situasjon
- Strategiar for å halda deg snus- /røykfri
Innhald:
Kurset består av seks digitale samlingar. Dei tre fyrste samlingane handlar om førebuing til å slutte; mentalt og praktisk. Sluttedagen vert midt i kursrekkja. Dei neste møta gjev oppfølging, motivasjon og støtte til å halda deg tobakksfri.
Ein starter med ein individuell helsesamtale, og påmelding til kurset skjer etter denne.
Kurset er digitalt, og i samarbeid med andre Frisklivssentralar i Vestland.