Friskliv og meistring

Ynskjer du å oppnå betre helse? Treng du hjelp til å meistre kvardagen? Friskliv og meistring er eit interkommunalt tilbod for innbyggarar i Vaksdal, Eidfjord, Ulvik og Voss herad.

Me tilbyr

kurs, gruppetrening og individuell rådgjeving som kan hjelpa deg med:

  • Betre kosthald
  • Fysisk aktivitet
  • Meistring av stress eller belastning
  • Meistring av depresjon
  • Auke kvardagsglede
  • Betre søvn

Hjå oss får du oppfylging tilpassa behov og føresetnadar, slik at du sjølv vert i stand til å meistra kvardagen på ein måte som gjev deg betre helse og førebyggjer for livsstilssjukdomar. 

Me har tru på små grep og endringar over tid, og fokuserar på meistring, støtte og kunnskap for at du skal lukkast.

Timeplan for hausten 2023 finn du her (PNG, 81 kB)

  

 

Kontakt

Friskliv & meistring
E-post
Telefon 90 67 30 35

(tysdag og fredag 09-12)

Følg med på vår Facebookside og Instagram!