Trygg trening

Treng du ein ekstra dytt for å kome i gang med regelmessig trening?

Trygg trening er ei treningsgruppe for deg som vil kome i betre form, men som av ulike årsaka kvir deg til å gå på treningssenter. Timen består av lett oppvarming og styrketrening som du kan tilpasse ditt nivå - ikkje noko hardkøyr.

Hensikta med treninga er å betra kondisjon, styrka, balanse, og bevegelegheit, og at du skal få meir overskot og oppleva sosialt samvær.

Trygg trening har fokus på ressursar og meistring, og korleis du kan fortsetja med aktivitet etter oppfylgingsperioden.

Kven er tilbodet for?

Du som treng hjelp til å kome i gong med trening.

Kor lenge varer treningstilbodet?

Me trenar i ein time i trygge omgjevnader, to dagar i veka i åtte veker.

Prisoversikt

For meir informasjon og påmelding

Rådet for psykisk helse

Ta kontakt på telefon 906 73 035 eller e-post: friskliv@voss.herad.no

Påmelding på kurset skjer først etter gjennomført oppstartstime med frisklivskoordinator. Oppstartssamtalen er viktig for å finna ut om dette er riktig tilbod for deg. I oppstartssamtalen finn me saman ut kva du treng og ynskjer av oppfølging, og set mål og plan for din livsstil. Det vert her avgjort, saman med deg, om du får tilbodet.

​​​​​​

Kontakt

Friskliv & meistring
E-post
Telefon 90 67 30 35

(tysdag og fredag 09-12)

Følg med på vår Facebookside og Instagram!