Depresjonsmeistringskurs for vaksne (KiD)

Har du ein mild eller moderat depresjon? Vil du læra deg å handtera tunge tider i livet betre?

KiD kan redusera di grad og varigheit av nedstemtheit/depresjon, samt førebygge for nye episodar med depresjon ved å læra nye metodar og verktøy. Kurset er ikkje terapi, det er kognitive teknikkar og heimeleksa.

Symptoma kan vera:

  • Fråvær av glede og kjensle av nedstemtheit
  • Isolasjon/sosial tilbaketrekking
  • Inaktivitet og initiativløyse
  • Nedsett sjølvkjensle/ kjensle av å vera verdilaus
  • Konsentrasjons- og minneproblem
  • Søvnvanskar
  • Urofølelse
  • Grubling, irritabilitet
Illustrasjon: Ann Fiske, Rådet for psykisk helse

Du får opplæring og trening i bruk av metodar og teknikkar for å endra tankemønster og handlingsmønster som held oppe og forsterkar depresjon.

Dette er eit kurs som er bygd på kognitiv tilnærming og metodikk. Kognitiv tilnærming har vist seg svært effektiv i meistring av depresjon, og er velegna for å betra livskvalitet over tid, også i form av førebygging av ny depresjon. Kurs i Depresjonsmeistring (KiD) vart utvikla av Trygve A. Børve, Anne Nævra og Odd Steffen Dalgard. Rådet for psykisk helse distribuerer kursmaterialet til kursa.

Kven passar kurset for? 

Du som i periodar kjenner deg nedstemt eller er deprimert på ein slik måte at det går utover din livskvalitet og funksjonsevne. Du treng ikkje tilvising frå lege for å gå på KiD-kurs, men du må vera over 20 år og klar for å gjera ein innsats sjølv.

Kor lenge varer kurset?

Kurset går over ti veker, to og ein halv time kvar gong.

Informasjon til tilvisande lege eller behandlar

Målgruppa er personar med milde til moderate symptom på depresjon. Kurset passar ikkje ved rusproblematikk, sjølvmordsfare eller psykoselidingar. Kurset kan nyttast åleine eller i tillegg til medikamentell behandling og/eller samtalebehandling. For å få utbytta av kurset er det nødvendig med ei viss grad av konsentrasjon og merksemd.

Prisoversikt

For meir informasjon og påmelding

Rådet for psykisk helse

Ta kontakt på telefon 906 73 035 eller e-post: friskliv@voss.herad.no

Påmelding på kurset skjer først etter gjennomført oppstartstime med frisklivskoordinator. Oppstartssamtalen er viktig for å finna ut om dette er riktig tilbod for deg. I oppstartssamtalen finn me saman ut kva du treng og ynskjer av oppfølging, og set mål og plan for din livsstil. Det vert her avgjort, saman med deg, om du får tilbodet.

​​​​​​

Kontakt

Friskliv & meistring
E-post
Telefon 90 67 30 35

(tysdag og fredag 09-12)

Følg med på vår Facebookside og Instagram!