Bra mat for betre helse

Kurset tek for seg tema som sunne matvareval, fem om dagen, regelmessige måltid, porsjonsstorleikar, varedeklarasjonar, kostfiber, salt og sukker, feittkvalitet og praktisk matlaging.

Kurset kan motivere, hjelpe og støtte deg til å gjere positive endringar i kosthaldet ditt under mottoet «små skritt – store forbetringar». I tillegg vil kurset gje deg auka kunnskap om samanhengen mellom kosthald og god helse, samt verktøy for å gjere det lettare å ta gode val i kvardagen.

Kurset er basert på prinsipp for motiverande intervju og kan vera ein god start for å få til varig betring av kosthaldet. Kurskonseptet vektlegg kosthaldsendring over tid under mottoet «små-skritt, store betringar» og er basert på dei nasjonale kostråda. 

”Bra mat for betre helse” er eit kosthaldskurs som vart utvikla av sosial- og helsedirektoratet i samarbeid med to eksterne klinisk ernæringsfysiologar.

Kven passar kurset for?

Deg som ynskjer å førebygga komplikasjonar og/eller utvikling av sjukdom, og som kan ha nytte av å gjera endringar i dine levevanar med fokus på kosthaldsendringar.

Kurset er ikkje behandlingsfokusert, og skal ikkje erstatta individuell rettleiing frå autorisert helsepersonell. Kurset gjev deltakarane ein introduksjon i endring av levevanar og forslag til korleis ein byrjar prosessen med å endra kostvanar.

Kor lenge varer kurset?

Kurset inneheld fem samlingar á to timar.

Prisoversikt

For meir informasjon og påmelding

Rådet for psykisk helse

Ta kontakt på telefon 906 73 035 eller e-post: friskliv@voss.herad.no

Påmelding på kurset skjer først etter gjennomført oppstartstime med frisklivskoordinator. Oppstartssamtalen er viktig for å finna ut om dette er riktig tilbod for deg. I oppstartssamtalen finn me saman ut kva du treng og ynskjer av oppfølging, og set mål og plan for din livsstil. Det vert her avgjort, saman med deg, om du får tilbodet.

​​​​​​

Kontakt

Friskliv & meistring
E-post
Telefon 90 67 30 35

(tysdag og fredag 09-12)

Følg med på vår Facebookside og Instagram!