Kvardagsglede

Gjennom å læra om dei fem viktigaste grepa du kan gjera for å fremma di eiga psykiske helse og livskvalitet og førebygga psykiske lidingar skal kurset føre til at du oppleve auka livsmeistring.

Kvardagsglede® er eit lågterskeltilbod for auka livsmeistring. Kurset er utvikla av Rådet for psykisk helse, i samarbeid med Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, spesialpedagogar og Frisklivssentralar.   

Kvardagsglede handlar om dei små, enkle tinga du sjølv kan gjere i din eigen kvardag for å oppleve meistring, glede og meining. Kurset tar for seg fem viktige grep for auka kvardagsglede. Saman skal me utforske korleis du kan bruke desse fem grepa for å skape auka kvardagsglede.

I løpet av kurset vil du sette av tid til deg sjølv og til aktivitetar som gjev glede. Fordi glede smittar, vil det også kunne bidra til andre si glede. Er du klar for å høyra om kva du faktisk kan gjera? «Bli gla, si ja» gir deg fem grep for auka kvardagsglede.

Kven passar kurset for?

Du som ynskjer inspirasjon, råd og hjelp til å øva på teknikkar som kan gje deg ein betre kvardag og høgare livskvalitet.

Kurset er ikkje eit terapikurs for å meistre nedstemthet eller depresjon. Det er heller ikkje eit forum for å arbeide med sorg eller tunge belastningar. Det kan likevel styrke deg i ein tung kvardag – og verke førebyggande.

Kor lenge varer kurset?

Kurset går over seks kursdager og kvar økt varer i cirka 2 til 2,5 time. Etter kvar økt får du ei øving til neste gong, som tek utgangspunkt i dine eigne erfaringar.

Prisoversikt

 

For meir informasjon og påmelding

Rådet for psykisk helse

Ta kontakt på telefon 906 73 035 eller e-post: friskliv@voss.herad.no

Påmelding på kurset skjer først etter gjennomført oppstartstime med frisklivskoordinator. Oppstartssamtalen er viktig for å finna ut om dette er riktig tilbod for deg. I oppstartssamtalen finn me saman ut kva du treng og ynskjer av oppfølging, og set mål og plan for din livsstil. Det vert her avgjort, saman med deg, om du får tilbodet.

​​​​​​

Kontakt

Friskliv & meistring
E-post
Telefon 90 67 30 35

(tysdag og fredag 09-12)

Følg med på vår Facebookside og Instagram!