Fysioterapi førebyggjer og behandlar sjukdom og plager i muskel- og skjelettsystemet. Dersom du har skada deg eller av andre grunnar har utfordringar i forhold til bevegelse og funksjon kan du kontakta ein fysioterapeut per telefon for å få hjelp.
I Voss herad har me kommunalt tilsette fysioterapeutar og kommunale fysioterapeutar med driftstilskot. Klarar du sjølv å komma deg til fysioterapeut skal du ta kontakt med dei fysioterapeutane som har driftstilskot. Dei driv eigne institutt. Sjå telefonliste under for dei ulike institutta og kontaktinformasjon. Treng du oppfølging i heimen eller på institusjon skal du kontakta dei kommunalt tilsette fysioterapeutane. Sjå telefonlista for kontaktinformasjon.
Er du under 18 år og treng oppfølging av en barnefysioterapeut, sjå telefonlista for kontaktinformasjon. Prisen for fysioterapi er statleg regulert og du betalar kun ein eigenandel som inngår i opparbeidinga av frikort for helsetenester. Det er lik pris om du går til ein fast tilsett fysioterapeut eller ein fysioterapeut med driftstilskot.
Ein fysioterapeut jobbar etter ein prioriteringsnøkkel og henvisning. Prioriteringsnøkkel vil seie at me prioriterer det som hastar mest fyrst. Ein henvisning kan komma frå deg sjølv eller andre samarbeidande helseaktørar.
Prioriteringsnøkkel fysioterapi
Ein fysioterapeut vil undersøka deg for å få eit utgangspunkt for vidare behandling/tiltak. For nokon er det individuell oppfølging, for andre er det gruppetrening, eller for nokon råd og rettleiing.
Døme på oppfølging kan vera:
- Råd og rettleiing for å betra eller bevara din funksjon og førebyggja for sjukdom og skade
- Trening med sikte på at du skal klara viktige daglege funksjonar og minska smerter og auka funksjon
- Råd og rettleiing til pårørande/foreldre og andre samarbeidsgrupper
- Førebyggjande og behandlande tiltak i skule/barnehage
- Kartlegga din funksjon og gje råd om å tilpassa aktivitetar og arbeidsvanar
- Individuell behandling
- Gruppetrening
- Kvardagsrehabilitering/heimerehabilitering
Granvin fysikalske institutt
Adresse: Kjerlandsvegen 58, 5736 Granvin
Voss fysioterapi
Tlf: 56 51 77 99 Adresse: Uttrågata 32, 5700 Voss
Vangen Fysioterapi
Telefon: 56 51 26 08 Adresse: Hardangervegen 6, 5700 Voss
Sentrum fysioterapi
Tlf: 56 51 66 50 Adresse: Sverresplassen 4, 5700 Voss
Fysioterapeut Synnøve Herre Graue
Hagahaugvegen 30, 5705 Voss