Fysioterapi

​Har du utfordringar med bevegelse og funksjon eller daglege gjeremål? Då kan du ta kontakt med ein fysioterapeut.

Fysioterapi førebyggjer og behandlar sjukdom og plager i muskel- og skjelettsystemet. Dersom du har skada deg eller av andre grunnar har utfordringar i forhold til bevegelse og funksjon kan du kontakta ein fysioterapeut per telefon for å få hjelp. 


I Voss herad har me kommunalt tilsette fysioterapeutar og kommunale fysioterapeutar med driftstilskot. Klarar du sjølv å komma deg til fysioterapeut skal du ta kontakt med dei fysioterapeutane som har driftstilskot. Dei driv eigne institutt. Sjå telefonliste under for dei ulike institutta og kontaktinformasjon.  Treng du oppfølging i heimen eller på institusjon skal du kontakta dei kommunalt tilsette fysioterapeutane. Sjå telefonlista for kontaktinformasjon.  


Er du under 18 år og treng oppfølging av en barnefysioterapeut, sjå telefonlista for kontaktinformasjon.  Prisen for fysioterapi er statleg regulert og du betalar kun ein eigenandel som inngår i opparbeidinga av frikort for helsetenester.  Det er lik pris om du går til ein fast tilsett fysioterapeut eller ein fysioterapeut med driftstilskot. 


Ein fysioterapeut jobbar etter ein prioriteringsnøkkel og henvisning. Prioriteringsnøkkel vil seie at me prioriterer det som hastar mest fyrst. Ein henvisning kan komma frå deg sjølv eller andre samarbeidande helseaktørar.  

Prioriteringsnøkkel fysioterapi

Prioriteringsnøkkel fysioterapi
Prioritet 1 Prioritet 2 Prioritet 3
Rask intervensjon er nødvendig for å ha stor effekt for brukaren/ pasienten sitt funksjonsnivå, lindring og livskvalitet. Tidleg intervensjon er forventa å ha effekt for brukaren/ pasienten sitt funksjonsnivå, lindring og livskvalitet. Intervensjon er forventa å ha effekt for brukaren/ pasienten sin funksjon og deltaking, men kan venta.

 

Ein fysioterapeut vil undersøka deg for å få eit utgangspunkt for vidare behandling/tiltak. For nokon er det individuell oppfølging, for andre er det gruppetrening, eller for nokon råd og rettleiing.  


Døme på oppfølging kan vera:  

  • Råd og rettleiing for å betra eller bevara din funksjon og førebyggja for sjukdom og skade  
  • Trening med sikte på at du skal klara viktige daglege funksjonar og minska smerter og auka funksjon
  • Råd og rettleiing til pårørande/foreldre og andre samarbeidsgrupper   
  • Førebyggjande og behandlande tiltak i skule/barnehage
  • Kartlegga din funksjon og gje råd om å tilpassa aktivitetar og arbeidsvanar   
  • Individuell behandling   
  • Gruppetrening 
  • Kvardagsrehabilitering/heimerehabilitering

 

 

Granvin fysikalske institutt

Adresse: Kjerlandsvegen 58, 5736 Granvin
Granvin fysikalske institutt
Teneste Namn Telefon
Fysioterapeut Arne Kjerland 906 55 352
Fysioterapeut Eva Branstveit Kjerland 412 87 731

 

Voss fysioterapi

Tlf: 56 51 77 99 Adresse: Uttrågata 32, 5700 Voss
Voss fysioterapi
Teneste Namn Telefon
Fysioterapeut Ståle Hirth 950 81 902
Psykomotorisk fysioterapeut Inger Anita Herheim 907 71 932
Manuell terapeut Terje Bryn 975 65 307

 

Vangen Fysioterapi

Telefon: 56 51 26 08 Adresse: Hardangervegen 6, 5700 Voss
Vangen Fysioterapi
Teneste Namn Telefon
Fysioterapeut Elizabeth Bell 98440973
Fysioterapeut Siren Bakketun 48116457
Fysioterapeut, Spesialist i nevrologisk fysioterapi MNFF Gunnvor Loven 91524841

 

Sentrum fysioterapi

Tlf: 56 51 66 50 Adresse: Sverresplassen 4, 5700 Voss
Sentrum fysioterapi
Teneste Namn
Fysioterapeut Ole Johnny Carlsen
Fysioterapeut Marit Norheim Olde
Fysioterapeut Arne Kjerland
Fysioterapeut Karianne Meling Seim

 

Fysioterapeut Synnøve Herre Graue

Hagahaugvegen 30, 5705 Voss
Fysioterapeut Synnøve Herre Graue
Teneste Namn Telefon
Fysioterapeut, Lymfødembehandling Synnøve Herre Graue 909 94 866

Kontakt

Kommunal avdeling for ergoterapi og fysioterapi
Hagahaugvegen 30
Telefon 95 26 20 04

 

Her finn du oversikt over ulike gruppetilbod:

Gruppetrening fysioterapi