Balansegruppe

Måndagar og onsdagar kl. 13-14

Hagahaugen
Påmelding til fysioterapeut Siri Øi Tharaldsen på telefon 918 74 247
Eigenandel på 102 kr per gong.

 

Me trener balanse og styrke i Hagahaugen sine lokaler. 

 

Etter kvart som ein vert eldre, opplever mange at ting går saktare, og ein er ikkje så sterk som før. Saman med andre faktorar kan dette auka faren for at ein opplever uheldige fall. Forsking viser at trening og fysisk aktivitet motarbeider denne utviklinga i stor grad. Det er aldri for seint å byrja med aktivitet.

Treng du drosje?

Avtal med fysioterapeut for å tinga drosje til heile perioden du deltek i balansegruppa.

Du betalar eigenandel for drosja om du ikkje har frikort.