Kosthald og ernæring

God og riktig mat gjennom heile livet er grunnleggjande for vekst, utvikling, helse og livskvalitet.

Helsedirektoratet tilrår den generelle befolkninga eit variert kosthald med mykje mat frå planteriket, grønsaker, frukt, bær, grovt brød, fullkornsprodukt, fisk, sjømat, bønner, linser, mjølk og meieriprodukt med mindre feitt, og vatn. Det er tilrådd å ete minst mogleg omarbeida kjøtt, godteri, snacks og søte bakevarer. Nøkkelhullsmerket skal gjera det enklare å ta sunnare val. Du finn råda til Helsedirektoratet på denne lenka.   


Kvam, Voss, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord kommune samarbeider interkommunalt og har tilsett to klinisk ernæringsfysiologar. Dei jobbar i hovudsak for å styrka det systematiske ernæringsarbeidet og den ernæringsfaglege kompetansen i kommunane.
 

 

 

 

 

 

 

 

                       Foto: Helsedirektoratet

 

Ernæringsprosjekt

Hausten 2024 pågår det to interkommunale ernæringsprosjekt i Voss lokalsjukehusområde som har fått støtte av Helsedirektoratet:   

   
Forprosjekt om eteforstyrringar

Hovudmålet med forprosjektet er å kartlegga noverande behov og praksis kring tematikken i kommunane. Dette vil vera grunnlaget for å seinare kunne planleggje prosjekt med mål om å førebygge, tidleg oppdaga, tidleg intervenera og behandla eteforstyrringar og spiseproblem. 

Forprosjektet inneber fylgjande: 

  1. Innhenting av lokale tal på førekomst frå nasjonale medisinske register
  2. Intervju med leiarar for fastlegar, helsestasjon/skulehelseteneste og grunnskule, samt brukarrepresentantar
  3. Anonyme spørjeundersøkingar blant fastlegar og tilsette i helsestasjon/skulehelsetenesta, grunnskule og vidaregåande skule

 

Ernæringskompetanse i teneste for menneske med utviklingshemming

Hovudmålet med prosjektet er å betre det systematiske ernæringsarbeidet og ernæringskompetansen i tenestene til menneske med utviklingshemming, samt sikra at mat- og ernæringsoppfølging er i tråd med brukarane sine eigne ynskjer og behov og sentrale føringar.

 


Lenker til relevante ressursar:

Helsedirektoratet sine kostråd (generelle og for ulike grupper)
Kostverktøyet – støtte til endring i levevanar 
 

Lenker til relevante brosjyrar:

Helsedirektoratet sine kostråd
Mat og måltid for spedbarn 
Oppskriftshefte til barnehagen 
Matpakke
Kostråd til deg som et for lite
Kostråd ved kreft


Lenker til relevante plakatar 

Helsedirektoratet sine kostråd
Mat og måltid i barnehagen
Mat og måltid i barneskulen
Mat og måltid i ungdomsskulen
Mat og måltid i vidaregåande skule


Lenker til relevante filmar

Meir energi og protein i maten 
Endre konsistens på maten
Ernæringsprodukt frå apotek
Webinarserie om spesialkost

 

Kontakt

Eli Skeie
Klinisk ernæringsfysiolog
E-post
Telefon 48 86 67 27
Linn Øyri
Klinisk ernæringsfysiolog
E-post
Telefon 98 90 47 08