Andre kommunale legetenester Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald Du som er over 18 år og som har kjende diagnosar eller kroniske sjukdomar kan dra nytte av eit øyeblikkeleg hjelp døgnopphald, utan å bli innlagt på sjukehus. Døgnopphaldet er inntil tre døgn og du treng tilvising frå fastlege, sjukeheimslege eller legevakta. Me behandlar og observerar kjende diagnosar og samarbeider med sjukehuset dersom du treng meir omfattande undersøking. Legen er tilstades kvar dag og der er fleire sjukepleiarar enn i eit vanleg korttidsopphald på sjukeheim, samt akuttmedisinsk utstyr. Voss sjukeheim Sjukehusvegen 15 5704 Voss Telefon: 56 52 15 00 Tilsynslege på sjukeheimane På sjukeheimane er det ein eller fleire tilsynslegar som følger opp bebuarane. Kontakt den enkelte sjukeheim for meir informasjon. Helsestasjon og skulelege Alle skulane i heradet har ein tilknytta skulelege. Kontakt den enkelte skule for meir informasjon. Me driv helsestasjon for barn, ungdom og flyktningar. Kommuneoverlege Kommuneoverlegen er medisinsk fagleg rådgjevar for heradet og har blant anna ei viktig rolle i arbeidet med smittevern, miljøretta helsevern og psykisk helsevern. Kommuneoverlege Eystein Hauge Telefon: 952 61 271 Eystein.Hauge@voss.herad.no Lover og reglar Helse- og omsorgstenestelova Pasient- og brukerrettighetslova Fastlegeforskriften Forskrift om pasient- og brukerrettigheter i fastlegeordningen Akuttmedisinforskriften Forskrift om øyeblikkelig hjelp døgntilbud