Eit sjukeheimsopphald kan vere tidsbegrensa eller tidsubegrensa. Det er einingane saman med deg som søkjer som bestemmer kva type opphald som skal verta gitt.
TIDSUBEGRENSA OPPHALD
Eit langtidsopphald er tidsubegrensa og gjev deg oppfylging og tilsyn heile døgnet. Du kan ha rett på langtidsopphald når alt anna er nøye utprøvd og helsetilstanden din saman med ditt behov for helse- og omsorgstenester tilseier at det ikkje er sannsynleg at du kan flytte heim att.
TIDSBEGRENSA OPPHALD
Korttidsopphald er for deg som treng helse- og omsorgstenester heile døgnet i ein begrensa periode. Ein skil mellom rehabilitering-, behandling/utgreiing-, veksel-, avlastning- og tryggopphald.
Rehabilitering
For deg som er ferdig diagnostisert og behandla av fastlege/sjukehus og er motivert for opptrening og eigeninnsats for å gjenvinne/læra nye ferdigheiter. Me kartlegger ditt funksjonsnivå og hjelpebehov. Lovpålagd teneste.
Behandling/utgreiing
For deg som treng å få kartlegd funksjonsnivå og hjelpebehov eller lindrande behandling i livets siste fase. Me kartlegger ditt hjelpebehov, din heimesituasjon og kva hjelpemiddel du eventuelt treng i heimen din. Lovpålagd teneste.
Veksel
For deg som treng jamleg vedlikehald av funksjon, kognisjon, trygging og/eller ernæring. Opphaldet skal vera avlastning for pårørande. Lovpålagd teneste.
Avlastning
Opphaldet skal gje pårørande avlastning ved å redusera omsorgsbelastning, samt gje moglegheit for ferie, deltaking i samfunnsaktivitetar og tid til å pleie familierelasjonar og sosialt nettverk. Lovpålagd teneste.
Trygg
For deg som har trong for å sosialisere deg og forbetra fysisk og kognitivt nivå, samt ernæring. Me set mål saman for ditt opphald. Ikkje lovpålagd teneste.