Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er for deg som bur heima og treng helsehjelp eller støtte i kvardagen på grunn av sjukdom eller nedsett funksjon. Målet er at du skal klare deg best mogleg sjølv og bu heime så lenge som mogleg.

Kva hjelp kan du få?

Heimesjukepleia kan hjelpa deg med:

  • sårstell
  • personleg hygiene og stell
  • hjelp med medisinar
  • rettleiing og støtte til å meistra kvardagen

Me vurderer saman med deg kva du treng hjelp til. Du får eit tilbod som er tilpassa dine behov, for kortare eller lengre tid.
 

Kva kan me hjelpe med, og kva må du ordna sjølv?

Du skal som hovudregel handtera medisinane dine sjølv. 
Me kan hjelpa med:

  • bestille reseptar
  • kontakt med apotek
  • hjelp med enkeltdosar, til dømes via medisindispensar

Vanlegvis følgjer lege opp sår. 
Me gir hjelp heime dersom du ikkje kan møte hjå lege.

Me måler blodtrykk, puls og liknande berre når det er fagleg behov, og for ein avgrensa periode.

Me brukar digital heimeoppfølging der det passar, som alternativ til heimebesøk.

Me prøver så langt det let seg gjera å leggja til rette for at du kan få vera heime.

Treng du hjelpemiddel? Les meir om hjelpemiddel
 

Kven er tilbodet for?

Heimesjukepleie er for deg som:

  • har ein akutt eller kronisk sjukdom og treng helsehjelp
  • ikkje klarar å oppsøkje helsehjelp sjølv
  • treng oppfølging, rehabilitering eller rettleiing
  • treng pleie og støtte i kvardagen
  • har nedsett hukommelse eller forståing og treng hjelp til eigenomsorg
  • er over 18 år og bur heima
     

Pris

Du betalar ikkje for heimesjukepleie.
 

Slik søkjer du

Du finn informasjon om korleis du søkjer, og kva som skjer vidare her:

Søk helse- og omsorgstenester

Lover og reglar

Du har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen.

 

Kontakt

Heimetenesta
Heimesjukepleie og heimehjelp

Område Vest

Telefon: 952 62 008
Voss sjukeheim
Sjukehusvegen 15

Område Aust

Telefon: 952 62 077 (08-11, 13-14)
Heimehjelp: 992 07 182
Vetleflaten omsorgssenter
Hardangervegen 49

Område Nord

Telefon: 952 62 078 (kl. 07:30-22:00)
Vossestrand omsorgstun
Oppheimsvegen 35

Område Sør

Heimesjukepleie: 404 03 876 
(Heile døgnet, heile året)
Heimehjelp: 404 03 861 / 915 86 314
Granvin sjukeheim
Eidesvegen 24

Nattevakt

Telefon: 962 62 008