Voss sjukeheim

Voss sjukeheim ligg fint til med utsyn over Vossevangen. Me tilbyr både korttids- og langtidsopphald.

Open besøkstid

Sjukehusvegen 15, 5704 Voss
Telefon: 56 52 15 00
E-post: postmottak@voss.herad.no

Drive av Voss herad.

Avdelingar

Me har tre avdelingar:

  • Langtidsavdeling – for deg som treng pleie og omsorg heile døgnet over lengre tid
  • Korttidsavdeling – for deg som treng rehabilitering, behandling eller avlasting i ein periode
  • Augeblikkeleg hjelp-avdeling – for deg som treng akutt og kortvarig helsehjelp

Du kan bu hjå oss i kortare eller lengre tid, alt etter kva du treng.

 

Tilbod til bebuarar

  • Frisør – Frisør kjem til huset. Du betalar sjølv for timen.
  • Tilsynslege – Bebuarane får jamleg oppfølging av lege.
  • Fotpleie - Me har avtale med ein privat fotpleiar som kjem jamleg til langtidsavdelingane. Du betalar sjølv for behandlinga.