Psykisk helseteneste

KORT FORTALT

Psykisk helseteneste er eit tilbod til deg som opplever psykiske vanskar. Utfordringane kan vera kortvarige eller meir langvarige. For nokon vil psykiske utfordringar vera vanskeleg å handtere utan hjelp og støtte.

Du treng ikkje tilvising frå fastlege for å ta kontakt med oss. Pårørande kan også ta kontakt.

Dersom du slit med depresjon, angst, sjølvskading, sjølvmordstankar eller anna krise i livet kan du få hjelp frå oss. Me tilbyr hjelp til deg og/eller dine pårørande til å finna gruppe aktivitetar, sosiale aktivitetar, råd, rettleiing og individuelle samtalar i heimen din eller på tenestestad. Det er eit krav at du må ynskja hjelp og/eller vera villig til å ha kontakt med tenesta.

Søk helse- og omsorgstenester 

Kontakt

Avdeling for psykisk helse og rus
Telefon 48 01 45 70

(Ope alle dagar kl. 08-21)

Adresse
Knutepunktet Voss
Gurid Almenningens plass 1
5704 Voss