Fysioterapi

Har du vanskar med å røra deg, eller med daglege gjeremål? Då kan ein fysioterapeut hjelpa deg.

Kva er fysioterapi?

Fysioterapi handlar om å førebyggja og behandla problem i musklar og skjelett.

Kven kan få fysioterapi?

Du kan få hjelp viss du:

  • har skada deg
  • har smerter
  • har redusert funksjon

Kva hjelp kan du få?

Fysioterapeuten undersøker deg og tilpassar behandlinga. 
Du kan få:

  • Råd og rettleiing for å betra eller bevara din funksjon og førebyggja for sjukdom og skade  
  • Trening med sikte på at du skal klara viktige daglege funksjonar og minska smerter og auka funksjon
  • Råd og rettleiing til pårørande/foreldre og andre samarbeidsgrupper   
  • Førebyggjande og behandlande tiltak i skule/barnehage
  • Kartlegga din funksjon og gje råd om å tilpassa aktivitetar og arbeidsvanar   
  • Individuell behandling   
  • Gruppetrening
  • Kvardagsrehabilitering/heimerehabilitering

Korleis få time?

Du kan:

  • Ta kontakt sjølv
  • Bli tilvist frå lege eller anna helsepersonell

Fysioterapeuten vurderer kven som treng hjelp først:

  • Høg prioritet: Du treng rask hjelp for å få god effekt
  • Middels prioritet: Tidleg hjelp er viktig for funksjon og livskvalitet
  • Låg prioritet: Du kan venta litt, men tiltak vil likevel hjelpa

Pris

Du betalar eigenandel. Prisen er den same uansett om du går til ein kommunalt tilsett fysioterapeut eller ein med driftstilskot. Eigenandelen tel med i opptening til frikort for helsetenester.

Kven skal du kontakta?

I Voss herad har me:

  • Kommunalt tilsette fysioterapeutar: Kontakt desse viss du treng oppfølging heime eller på institusjon.
  • Fysioterapeutar med driftstilskot: Kontakt dei direkte dersom du kan møta opp sjølv. Dei har eigne institutt.
  • Barnefysioterapeut: For barn under 18 år. 

Granvin fysikalske institutt

Adresse: Kjerlandsvegen 58, 5736 Granvin
Granvin fysikalske institutt
TenesteNamnTelefon
Fysioterapeut, ManuellterapeutEva Branstveit Kjerland412 87 731

 

Voss fysioterapi

Tlf: 56 51 77 99 Adresse: Uttrågata 32, 5700 Voss
Voss fysioterapi
TenesteNamnTelefon
FysioterapeutStåle Hirth950 81 902
Psykomotorisk fysioterapeutInger Anita Herheim907 71 932
Manuell terapeutTerje Bryn975 65 307

 

Vangen Fysioterapi

Telefon: 56 51 26 08 Adresse: Hardangervegen 6, 5700 Voss
Vangen Fysioterapi
TenesteNamnTelefon
FysioterapeutElizabeth Bell98440973
FysioterapeutSiren Bakketun48116457
Fysioterapeut, Spesialist i nevrologisk fysioterapi MNFFGunnvor Loven91524841

 

Sentrum fysioterapi

Tlf: 56 51 66 50 Adresse: Sverresplassen 4, 5700 Voss
Sentrum fysioterapi
TenesteNamn
FysioterapeutOle Johnny Carlsen
FysioterapeutMarit Norheim Olde
FysioterapeutArne Kjerland
FysioterapeutKarianne Meling Seim

 

Fysioterapeut Synnøve Herre Graue

Hagahaugvegen 30, 5705 Voss
Fysioterapeut Synnøve Herre Graue
TenesteNamnTelefon
Fysioterapeut, LymfødembehandlingSynnøve Herre Graue909 94 866

Kontakt

Fysioterapitenesta
Avdeling for fysio- og ergoterapi
Telefon 95 26 20 04

Adresse

Hagahaugvegen 30