Koordinator og barnekoordinatorDersom du har vedtak om helse- og omsorgstenester, og treng langvarig og samordna hjelp, har du rett på ein koordinator. Dette gjeld særleg når du får hjelp frå fleire stader.Kva er ein koordinator?Ein koordinator hjelper deg med å få oversikt og sørgjer for at dei som hjelper deg, samarbeider godt. Koordinatoren:samordnar tenestene du fårkallar inn til møte med dei som er involvertefølgjer opp den individuelle planen dinKoordinator blir valt i samråd med deg, og er ein tilsett frå ei av tenestene du allereie får hjelp frå. Kommunen har ikkje eigne tilsette som berre jobbar som koordinatorar.Typar koordinatorarKoordinator: For vaksne, barn og unge med vedtak om helsetenester og behov for langvarige og koordinert hjelp.Barnekoordinator: For familiar eller fosterfamiliar som har, eller ventar, barn med alvorleg sjukdom, skade eller funksjonsvariasjonarNår kan du få koordinator?Du kan få koordinator dersom du:har vedtak om helse- og omsorgstenesterog har behov for langvarige og koordinerte tenesterDet er altså vedtaket om helsetenester som ligg til grunn for retten til koordinator. Har du ikkje vedtak om helsetenester?Dersom du ikkje har vedtak, men likevel har kontakt med fleire tenester som må samarbeide (som barnehage, skule eller pedagogisk-psykologisk teneste), kan du få ein kontaktperson. Kontaktpersonen hjelper deg med å få oversikt og sørgjer for godt samarbeid.Individuell planEin individuell plan er eit verktøy som hjelper deg og dei som gjev deg hjelp, å jobbe saman. Planen:gjev oversikt over måla dineviser kva som skal til for å nå målasørgjer for at alle jobbar i same retninggjer samarbeidet meir strukturert og målrettaDigital planI Voss herad brukar me DIPS Samspill, ei digital løysing for individuell plan. Med denne kan du:få oversikt og følgje opp planen din på nettlogga inn med trygg ID (som i nettbank)vere trygg på at personopplysningane dine er godt beskyttaDu får opplæring i korleis du brukar løysinga når du får digital plan.Samordning med BTI-modellenVoss herad brukar BTI-modellen (Betre tverrfagleg innsats) som grunnlag for samordning og koordinering. Digital samhandling i DIPS Samspill vert brukt frå nivå 1 til 3, tilpassa kor komplekst samarbeidet er:Nivå 1 og 2: StafettloggNivå 2 og 3: Enkelt samspelNivå 3: Individuell planSlik sender du ein førespurnadDu brukar søknadsskjemaet til helse- og omsorgstenester for å senda inn førespurnaden: Søk helse-og omsorgstenesterKommunen vurderer førespurnaden din.I samråd med deg vert det peika ut ein tilsett frå ei av tenestene du allereie får hjelp frå som koordinator. Klage KoordinatorDu har ikkje formell klagerett på kven som blir koordinator etter forvaltningslova, eller om du får koordinator, etter pasient- og brukarrettslova.Likevel kan du ta kontakt med kommunen dersom du meiner at du burde hatt ein koordinator, eller dersom du ønskjer ein annan koordinator. Kommunen skal då vurdere behovet ditt på nytt.Individuell planDu har rett til å få ein individuell plan dersom du har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester. Dette er heimla i pasient- og brukarrettslova §2-5.Dersom du får avslag på individuell plan, kan du klage. Klageretten er regulert i pasient- og brukarrettslova § 7-2. Klagen skal sendast til kommunen, som vurderer saka på nytt. Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren. Lover og forskrifter Koordinerande einingKoordinerande eining er ein lovpålagd funksjon i kommunen. Den skal bidra til samordning av helse- og omsorgstenester for personar med behov for langvarige og koordinerte tenester. Heimla i:Pasient- og brukarrettslova §2-5bIndividuell planRett til individuell plan er regulert i fleire lover og forskrifter, avhengig av kva tenester du får:Pasient- og brukarrettslova §2-5Forskrift om individuell plan i arbeids- og velferdsforvaltningen:Lov om arbeids- og velferdsforvaltningen § 15 (NAV-loven)Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 28 og § 33Lov om barneverntjenester § 3-2 aLov om kommunale krisesentertilbud § 4BarnekoordinatorFamiliar som har, eller ventar, barn med alvorleg sjukdom, skade eller funksjonsvariasjonar har rett til barnekoordinator.Rett til barnekoordinator: Pasient- og brukarrettslova § 2-5 cKommunens plikt til å oppnemne barnekoordinator: Helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2aSamarbeidsplikt mellom tenesterPlikta til å samarbeide mellom tenester er forankra i fleire lover:Tannhelsetjenesteloven § 1-4aBarnevernloven § 3-2 og 3-2aFamilievernkontorloven § 1aOpplæringsloven § 4A-14 og § 15-8Privatskoleloven § 3-6aSpesialisthelsetjenesteloven §2-1e og § 2-5aPasient- og brukerrettighetsloven § 2-5cBarnehageloven § 2bNav-loven § 15aKrisesenterloven § 4Sosialtjenesteloven § 13Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-4 og 7-2aIntegreringsloven § 50 Meir informasjonIndividuell plan og koordinator - HelsedirektoratetBarnekoordinator - Helsedirektoratet