Konsultasjonsteam

Konsultasjonsteamet er eit rettleiande organ som er samansett av erfarne fagfolk frå ulike etatar i Voss herad. Tenesta er retta mot deg som er uroa for om eit barn kan vere utsett for seksuelle overgrep, fysisk eller psykisk vald, er vitne til vald i heimen, eller uroa for om ein med psykisk utviklingshemming kan ha vore utsett for det samme. 

Gjennom kontakt med konsultasjonsteamet kan du som uroar deg, eller går med ei ubehagleg kjensle på vegne av eit barn, få diskutert saka anonymt. Her kan du få rettleiing og konkrete råd frå fagpersonar frå kommunehelsetenesta, politi, PPT, barnevern, BUP, og tannhelse-tenesta. Konsultasjonsteamet har faste møter siste torsdag i månaden, og kan sette opp ekstra møter etter behov. 

Frå 1.4.2022 vil Ulvik herad nytte seg av konsultasjonsteamet på Voss. Tilgrensande kommunar er også velkomne til å ta kontakt. 

Last ned informasjonshefte frå Konsultasjonsteamet her (PDF, 250 kB)

Ynskjer du å drøfte ei sak? Ta kontakt med:

Kitty Prestegard, barneverntenesta
Telefon: 480 14 559
E-post: Kitty.Prestegard@voss.herad.no


Sveinung Hellesen Nygård, kommunepsykolog
Telefon: 477 62 892
E-post: Sveinung.H.Nygard@voss.herad.no