Utsett du nokon for vald?

Alle som står nær kvarandre kan krangla og vera ueinige. Det skal likevel ikkje vera slik at du gjer partnaren din eller barnet ditt redd eller utrygg. Livet i ein familie skal vera trygg for alle partar. Det skal gå an å vera ueinige, ha eigne meiningar og ville noko anna enn den du er i lag med.

Om du slår, sparkar eller kjem med truslar, audmjukar, krenker eller kontrollerer andre, utøver du vald. Om du har problem med å kontrollera temperamentet ditt, eller er oppfarande og stadig skremmer nokon du eigentleg er glad, kan du få hjelp til å endra deg.