Aktivitetskalender for godt vaksne 2025

I aktivitetskalendaren finn du ei oversikt over ulike aktivitetar og møteplassar for godt vaksne. Me vonar du finn noko som passar for deg, og at du får lyst til å vera med!

Du finn kalendaren i innbyggjartorget på Tinghuset. 

Aktivitetane blir arrangerte av frivillige og organisasjonar, kyrkja, kommunen og private aktørar. Merk at tidspunkt, tilbod og kontaktpersonar kan verta endra.

 

Bli frivillig!

Det å vera frivillig er ein flott aktivitet som gjev både meining og glede! Fleire organisasjonar ynskjer seg og treng fleire frivillige. Meir informasjon om kva det inneberer å vera frivillig, får du ved å kontakte laga og organisasjonane direkte.

 

Voss Frivilligsentral ynskjer seg frivillige til besøksvenordninga, og til å hjelpa til i dei ulike aktivitetane dei driv. tlf. 56 51 03 70

 

 

 

 Voss Røde Kors Omsorg har behov for fleire frivillige til mellom anna besøkstenesta, leksehjelp, norsktrening, flyktningguide og Barnas Røde Kors. Her kan ein velja seg ein aktivitet! Å bidra som frivillig er sosialt og kjekt, du møter kjekke deltakarar og andre frivillige, samtidig som du gjer ein innsats for samfunnet. Ein gong i månaden vert alle frivillige invitert til felles sosialt samvær med fagleg påfyll, underhaldning og mat. Interessert? Ta kontakt med aktivitetskoordinator: Marit Nedkvitne på telefon 900 55 083, eller e-post marit.nedkvitne@redcross.no 

Kontakt

Kristina Finne
E-post
Telefon 91 14 26 33