Arrangementstilskot i høve Friluftslivets år 2025.

Voss herad er stolte over å ha delt ut heile potten på 90 000 kr i tilskot til lågterskel friluftsarrangement i høve Friluftslivets år 2025.

 

For å synleggjere alle dei gode aktivitetane ynskjer me at de legg aktivitetane inn i aktivitetskalenderen Friskus

Målsetjinga for Friluftslivets år 2025 er å få fleire folk ut i naturen og oppleva gleda av det enkle friluftslivet i eige nærmiljø.  

Under Friluftslivets år er det ekstra merksemd på å invitera og inkludera born og unge, vaksne og eldre som ynskjer å vera meir aktive i naturen,  men som kanskje ikkje kjenner til friluftslivet.

Voss herad har fått tildelt stimuleringsmidlar av Bergen og Omland Friluftsråd.  Me ynskjer høg aktivitet og flest mogleg lågterskel friluftsarrangement i heradet gjennom året. 

Korleis søkje midlar? 
(Det er ikkje fleire midlar å søkje på 30.9.2025)

For å søkje tilskot må arrangementet vera:
-  ope og gratis for alle å delta på
-  miljøvenleg og basert på frivilligheit

Tilskotet kan nyttast til arrangementskostnadar som enkel mat og/eller drikke til deltakarar, til dømes: gratis varm saft og/eller pinnebrød til alle,  utstyr som deltakarar kan nytte seg av,  transport. 

  • Lag og organisasjonar som søkjer tilskot må ha eige organisasjonsummer.
  • Arrangementet må ha ein kontaktperson med kontaktinformasjon.
  • Arrangementet må leggjast inn i Friskus  og i aktivitetskalendaren til Friluftslivets år 2025 
     

De må gjerne lage arrangement fleire organisasjonar ilag. Då kan det vere lettare å skape meir aktivitet og fleire frivillige til å hjelpe til med å arrangere.  Hugs at Skattekammeret hjå Kirkens Bymisjon Voss har mykje utstyr dei låner ut gratis.

Me oppmodar spesielt om at de inviterer folk som kanskje treng ein ekstra invitasjon til å delta på aktivitetar saman med andre.  
 

Spørsmål?
Kontakt Guro Øvsthus; guro.ovsthus@voss.herad.no 





 

Kontakt

Guro Øvsthus
Konsulent
E-post
Telefon 47 68 15 05