Slaget ved Båbrua

Sverre Sigurdson

Kong Sverre var fødd i Bergen i 1151. Foreldra var Gunnhild og Unas Kambare – og det trudde Sverre heilt til han var 24 år gammal. Bror til Unas var biskop på Færøyane, og Sverre vart sendt dit berre 5 år gammal.

 I Kyrkjubø voks han opp og gjekk i lære hjå onkelen sin. Etter endt studium vart han vigsla til prest.

Dette var i den såkalla «Borgarkrigstida» i Noreg. Det var ei uroleg tid då det var fleire som meinte å ha rett til kongemakta. Om ein var av Hårfagreætta, kunne ein krevja dette.

Mor til Sverre bar på ein løyndom; ho hevda at Unas ikkje var far til Sverre men at det var kvinneforføraren kong Sigurd Munn som var den rettmessige faren hans. Sigurd Munn var son av kong Harald Gille, som var av Hårfagreætta.

Dette var i katolsk tid, og soga seier at Gunnhild fekk råd frå paven i Roma at ho måtte fortelja Sverre kven som var den rette far hans. Gunnhild følgde paven sitt råd, og med det tok han namnet Sverre Sigurdson, 24 år gammal. Han rekna seg sjølv som Sigurd Munn sin son. Soleis var han av Hårfagreætta og kunne reisa til Noreg og gjera krav på kongemakta.

Det er aldri prova kven som var Sverre sin rette far, og det er truleg denne tvilen som gjer at vi har to kongeætter i Noreg: Hårfagreætta og Sverreætta.

 

Magnus Erlingson

På den tida var Magnus Erlingson konge i landet. Han var frå Etne i Sunnhordland. Magnus var son til lendmannen Erling Skakke og Kristin Sigurdsdotter. Kristin var dotter til kong Sigurd Jorsalfar, som var av Hårfagreætta. Kongearven gjekk den gongen berre frå far til son, så Magnus var ikkje rettmessig kongsemne. Det måtte ein søknad til. Søknaden var stila til kyrkja sine menn og vart imøtekomen. Då kunne Magnus krevja å verta Noreg sin konge. Han vart salva og krona i Bergen i 1163. Men ettersom Magnus berre var fem år gammal, var det faren, Erling Skakke, som styrte på vegne av sonen sin.

 

Sverre kom til Noreg frå Færøyane og vart hærførar for Birkebeinarane

Sverre kom til Noreg i 1176. Året etter vann Erling Skakke over Øystein Møyla i slaget på Re. Øystein Møyla, som var son av kong Øystein Haraldson, kjempa om kongemakta i dette slaget. Han var den første hærføraren for dei som i ettertid er kjende som «Birkebeinarane». Øystein vart drepen, og Birkebeinarane stod att som ein liten og utarma hær på omlag 70 mann utan leiar.

På denne tida var Sverre på Austlandet, og han fekk tilbod om å verta hærførar for denne flokken. Under trugsmål takka han ja, og tok Birkebeinarane med over til Sverige. Fleire slutta seg til hæren hans, og etter ei tid fór dei opp gjennom Sverige til Nidaros. På Øyretinget i Nidaros vart Sverre hylla som konge. Dette var sommaren 1177.

Han skaffa båtar til seg og Birkebeinarane, segla ut Trondheimsfjorden og sørover langs kysten og synte seg fram. Men ryktet om han gjekk i førevegen. Sverre møtte stor motstand i bygdene langsmed Trondheimsfjorden og i skipsleia sørover. Så då han kom til Møre, snudde han og drog attende til Nidaros. Sverre var hylla som konge i Nidaros, men enno ikkje i resten av landet.

No ville Sverre bli godtatt som konge også på Austlandet. Med dei båtane han rådde over, segla han inn til Orkanger. Der brann han alle båtane sine slik at fiendar ikkje kunne nytta dei. Så drog dei over Dovre og ned Gudbrandsdalen. I Mjøsbygdene og kring Randsfjorden kom det til mange slag, men han vann fram og fekk makt over Austlandet. Kong Magnus låg i Viken og ville stilla opp mot Sverre med ein stor hær. Men kampen mot overmakta ville ikkje Sverre ta.

Ettersom Kong Magnus var i Viken, vart Sverre rådd til å dra til Bergen. Det var ei lang ferd dit, og det vart oktober før dei kom over Fillefjell og ned til Lærdal. Ryktet om Sverre sin frammarsj hadde også denne gongen gått framom. I eit gjel lenger oppe i dalen hadde nokre lærdølar laga seg til med stokkar og steinar som dei ville velta over Birkebeinarane då dei kom. Men Sverre fann ut av planen deira, og han overmanna dei som låg oppe i fjellsida. Dette er eitt av mange døme på taktikaren Sverre si krigslist.

På Lærdalsøyri ville han skaffa seg båtar for så å segla til Bergen, men ein fiendeflåte på 25 båtar kom inn Sognefjorden og stengde vegen for Sverre. Assur Balle var hærførar for denne, og han var ein av Magnus Erlingson sine høvdingar.

Det gjorde at Sverre endra planen sin om å dra sjøvegen til Bergen. I staden valde han gå vidare over høgfjellet langs ein gammal ferdselsveg, ein tur som på den tida var rekna å ta to til tre veker. Denne vegen gjekk over fjellet til Aurland og Flåm, og vidare over fjellet til Voss. Frå Voss ville det òg vera utfordrande fjellområde å ferdast i før han var framme i Bergen.  Men så langt kom han ikkje. Dette er bakgrunnen for kvifor Sverre og Birkebeinarane kom til Voss.

 

Slaget ved Båbrua

Sist i oktober 1177 slo Sverre og Birkebeinarane leir i det området som vi no kjenner som Tvildemoen. Om lag 360 mann og 130 hestar slo seg til ro der før dei skulle dra vidare neste dag. Men her hadde Erling Skakke samla ein bondehær som skulle hindra Sverre å koma vidare. Sjølv var Erling ikkje med til Voss. Bondehæren var på omlag 650 mann, og dei var samla på vestsida av Strandaelva der den skil Tvildemoen frå Vossavangen.

Morgonen 28 oktober vart Sverre vekt av vaktpostar som kunne fortelja at nokre frå bondehæren hadde komne over elva, og dei egla til strid. Birkebeinarane var ikkje budde på kamp så tidleg på morgonen, men dei dreiv bondehæren attende. Noko brutalt slag med mange drepne er her ikkje snakk om, men Birkebeinarane mista ein hirdmann som låg att på Tvildemoen. Det føregjekk på den måten at Birkebeinarane og bondehæren stod på kvar si side av elva og slåst med kastevåpen og ropa ukvemsord! Etter kvart drog dei seg oppover på kvar side av elva. Såleis dreiv dei på så lenge det var dagsljos. Då var dei komne opp til Lundarvatnet. Her var det så langt mellom elvebreiddane at det var uråd å kriga vidare på dette viset. Sverre såg at han kjempa mot overmakta, så han trekte seg attende same vegen som han var komen til Voss. Det vert sagt at av om lag 60 slag kong Sverre og Birkebeinarane utkjempa, var dette eitt av dei få som han ikkje vann.

 

Retretten

Sjølve tilbaketoget etter slaget ved Båbrua er truleg det som er mest kjend frå felttoget med Sverre og Birkebeinarane på Voss. I Koladike på Kyte slo han leir første natta etter slaget. Nokre dagar før var han komen ned Gamle Raundalsvegen, som går nord om Klyvsnolten. Men no var denne vegen ikkje trygg ettersom motstandarane visste at Sverre var på veg. Sverre drog difor ned til Kløve Gard og bad bonden der om hjelp til å finna fram i Rastalia sør om Klyvsnolten. Der var ein sti som ein berre kunne nytta om ein gjekk til fots, den var ikkje eigna for ein hær med hestar og utrusting. Men soga seier at dei på utruleg vis greidde å ta seg fram denne vegen. Stien er i ettertid kalla «Sverrestigen».

Neste dag slo han leir i ein liten sidedal til Raundalen, som i ettertid vart kalla Sverresdalen, men som no er «Sverrdalen». Deretter stod fjellturen frå Mjølfjell og over til Flåm framom dei, og Sverre hadde hyra fem lokalkjende menn som vegvisarar over fjellet. Men ein fælsleg vinterstorm som vara i fleire dagar, råka dei i høgfjellet. Dei rava ikring og visste ikkje kvar dei var. Mat og drikke hadde dei ikkje budd seg på for så lang tid. 20 mann og alle hestane mista livet i uveret. Nokre hærmenn bad om å verta drepne for å sleppa lidinga, medan andre ville gjera det slutt ved å kasta seg utfor stup.

 Det var då Sverre synte seg som ein sterk og karismatisk hærførar. Han heldt ein manande tale som rett nok berre dei næraste kunne høyra i stormen. Men medan han tala, stilna stormen, sola kom fram og snøen smelta. Talen er i ettertid samanlikna med den Jesus heldt då han stillte stormen! No såg dei kvar dei var, og dei kom seg omsider ned frå fjellet, truleg ned Frondalen til Flåm og vidare til Aurland. Mykje tyder på at dei vart verande der den vinteren. Sidan for dei over Fillefjell og ned Valdres same vegen dei var komne året før.

Sverre skreiv sjølv si eiga kongesoge, difor har den høg truverde. Mellom anna er Sverre sin tale til Birkebeinarane i snøstormen skriven ned i «Sverresoga». Den siste kongesoga i Snorre Sturlason sitt storverk er om Magnus Erlingson som var rettmessig konge då den var skrive ned. Men denne soga endar med slaget på Re.

Denne dramatiske hendinga seinhaustes 1177 er ikkje berre skriven og fortald gjennom mange slektsledd, men den er òg skildra av kjende historiske kunstmålarar som Peter Nicolai Arbo, Knud Bergslien og Nils Bergslien. Vossingen Knud Bergslien sitt ikoniske måleri kalla «Kong Sverre i snestorm på Vossafjeldene», er truleg det mest kjende av desse. Dette måleriet har, saman med «Sverresstigen», halde liv i forteljinga om Sverre si ferd med Birkebeinarane i Vossafjella.

 

Kong Sverre og Sverreætta fram til 1319

Borgarkrigstida byrja i 1130 og tok slutt i 1240. I denne tida laut ein kjempa mot andre som gjorde krav på kongemakta. Saman med Birkebeinarane kjempa såleis Sverre omlag seksti slag. Erling Skakke vart drepen i slaget på Kalvskinnet i Nidaros i 1179. Kong Magnus Erlingsson tapte mot Sverre og vart drepen i slaget ved Fimreite i Sognefjorden i 1184. Etter dette vart Sverre einerådande konge i landet. Men det var først i 1194 at han vart kruna som konge. Kong Sverre styrte landet fram til han døydde på Sverresborg i Bergen 1202.

Kyrkja ville kong Sverre sjølv råda over, og biskopane vart jaga ut av landet. Men biskopane hadde eigne hærmenn som vart kalla «Baglarane». Baglarane og Birkebeinarane var ofte i kamp. Særleg på Austlandet var Baglarane dominerande.

Erkebiskop Eirik Ivarsson søkte i 1190 tilflukt hos erkebiskopen i Lund. Frå domkyrkja i Lund lyste han Kong Sverre i bann. Pave Innocens III lyste interdikt (forbod mot kyrkjelege handlingar) over Noreg i 1194.

Dette brydde Kong Sverre seg ikkje så mykje om. Han «tala Roma midt imot» skriv Bjørnstjerne Bjørnson i nasjonalsongen vår.

Kong Sverre sin son Håkon Sverreson, styrde frå 1202 til han døydde 1204. Håkon Sverreson hadde ein son saman med Inga frå Varteig (i Eidsberg i Østfold). Håkon Håkonson vart født våren 1204 og var såleis kongsemne. Dette måtte ikkje Baglarane få greie på, så Birkebeinarane fekk barnet i trygg forvaring ved i løyndom å flykta til Nidaros, der kong Inge Bårdsson styrde på den tida. Dei drog først til Lillehammer og derifrå over fjellet til Østerdalen og vidare til Nidaros. Det var dei to Birkebeinarane Skjervald Skrukka og Torstein Skjevla som vinteren 1205-1206 bar den to år gamle Håkon Håkonson over fjellet i kulde og snøkav frå Lillehammer til Rena.

Denne hendinga er skildra av Knud Bergslien. Dette er eit ikonisk måleri som er mellom dei mest kjende kunstskattane vi har i Noreg. Det årlege Birkebeinerrennet har sitt opphav og namn etter denne hendinga. Håkon Håkonson vart konge i 1217, og han styrde fram til 1263. Den siste kongen i Sverreætta var sonesonen Håkon 5 Magnusson som styrte i Noreg fram til 1319.

 

Kong Sverre sitt ettermæle

Han
- er opphavet til «Sverreætta»
- var den første kongen som prega namnet sitt på ein sylvmynt
- jaga biskopane ut av landet og tok sjølv styring over kyrkja
- innførde kavaleriet
- tok inn leigesoldatar, mellom anna frå England
- utvikla nye kastevåpen
- nytta familien sitt våpenskjold, som er opphavet til Noreg sitt riksvåpen; løve i gull på raud botn
- moderniserte statsmakta og oppretta lagmannsordninga, dvs juridisk (sakkunnig) leiar for tinget
- var den fyrste i Noreg som bygde steinborg (både i Nidaros og i Bergen)
- skaffa seg omfattande kontroll over landet saman med Birkebeinarane

 

Kjelder:      
Sverres saga er i samtida nedskrive av islendingen abbed Karl Jonsson som kom til Noreg i 1185.  Kong Sverre fortalde si eiga kongesoge til han.

Sverres saga: bok nr 1 i et utval av sentrale bøker i norsk litteratur. Utvalet er laga av Francis Bull og er kalla «Noreg sin nasjonallitteratur».  Kom ut i 1967.

Sverresoga: omsett av Halvdan Koht i 1995.

Vossaprost Johan Baltazar Flottmann: artikkel i «Den norske tilskuer» 1820.

Anders Ohnstad: om kong Sverre si ferd i Vossafjell. DNT si årbok 1974.

Carl Fredrik Kolderup: artikkel i Bergen Turlag si årbok 1949.

Store Norske leksikon: Nettutgåva.