Tilskot til kulturmiljø

Her er ei oversikt over ulike støtteordningar for kulturmiljø

Verna kulturminne, Vestland fylkeskommune

Søknadsfrist er 16. januar. Svar på søknad kjem vanlegvis i byrjinga av mai.

Send søknad til Voss herad:

Søknadsskjema om tilskot til verna kulturminne

 

Tilskot til kulturminne/forsamlingshus

Voss herad har ei støtteordning for kulturminne/forsamlingshus med søknadsfrist 1. mars. Svar på søknad kjem vanlegvis i slutten av april.

Søknadsskjema om tilskot til kulturminne 

 

Freda kulturminne og kulturmiljø i privat eige, Vestland fylkeskommune

Søk direkte til fylket innan 1. november. Svar på søknad kjem vanlegvis i slutten av mars.

Søknadsskjema om tilskot til freda kulturminne og kulturmiljø 

Lokale bankar og sparebankstiftingar

Lokale bankar og sparebankstiftingar kan òg støtta lag og organisasjonar som eig kulturminne/forsamlingshus.

 

Nasjonale ordningar utan søknadsfrist

Kulturminnefondet gjev stønad til kulturminne i privat eige. Meir info her: https://kulturminnefondet.no/

Norsk kulturarv deler ut midlar til restaurering av tak. Meir info her: https://kulturarv.no/ta-et-tak/

 

For alle ordningane gjeld visse retningslinjer:

  • Prosjektet må ikkje vera påbegynt
  • Restaureringa må skje etter antikvariske prinsipp
  • Nybygg får ikkje stønad
  • Kvalifisert handverkar må laga til ein tilstandsvurdering og eit kostnadsoverslag
  • Søknaden må innehalda både ein finansieringsplan og ein framdriftsplan
  • Det må føreligga ein plan for vidare bruk av det restaurerte bygget
  • Du må skriva ein rapport i etterkant

Kontakt

Anne Arneberg
E-post
Telefon 99 10 31 52